Vil straffe fleire som ikkje avslører overgrep mot barn

Regjeringa vil at personar som ikkje melder frå om overgrep og vald mot barn, skal kunne straffast etter fleire år. Lovforslaget blir møtt med stor skepsis.

Sveinung Rotevatn

VIL FORLENGE FORELDINGSFRISTAR: Nytt lovforslag frå justisdepartementet kan bety at folk blir straffa årevis seinare for å ikkje ha meldt frå om overgrep mot barn. Statssekretær Sveinung Rotevatn (V) vil høyre meiningane til dei ulike høyringsinstansane.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Det var i mai at justisdepartementet foreslo å utvida foreldingsfristane for overgrep og vald mot barn.

I endringsforslaget som no er ute på høyring, tek dei også til ordet for å forlenga foreldingsfristen for brot på avvergingsplikta.

Ifølge paragraf 196 i straffelova, er vi alle plikta til å melde frå om vi veit at barn blir utsett for overgrep eller vald.

– I norsk rettshistorie har vi døme på alvorlege og systematiske overgrep mot barn, der mange har visst, men ingen har sagt noko. Det er viktig at dei som veit, melder frå. Viss ikkje, meiner eg dei skal kunne straffast for det, seier statssekretær Sveinung Rotevatn (V) i Justis- og beredskapsdepartementet.

Frå barnet fyller 18 år

Målet er å fanga opp overgrep som tidlegare har gått under radaren, fordi barn ikkje har turt eller vore i stand til å fortelje om det dei har blitt utsett for, før det har gått mange år.

Personar som veit om overgrep eller som har moglegheita til å avverja det, risikerer eitt års fengsel for brot på avvergingsplikta. I dag er foreldingsfristen på to år i slike saker.

Regjeringa vil utvida den til å gjelda frå det fornærma barnet er fylt 18 år, og fem år framover.

Den utskotne foreldingsfristen vil berre gjelda i saker der ein ikkje har meldt frå om vald i nære relasjonar (§282), grov valdtekt av barn under 14 år (§299) og seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år (§302).

Rotevatn i Venstre har tidlegare vore sterkt imot fjerning av foreldingsfristar.

Seinast i 2014 kalla han det for «rein symbolpolitikk» (ekstern lenke). No meiner han det er annleis når det er snakk om overgrep mot barn.

– Ein skal vera forsiktig med utvida foreldingsfristar. Men når det gjeld alvorlege overgrep mot barn, der vi sjeldan får vite om det før mange år etterpå, så meiner vi det har noko for seg.

Forsvarsadvokat Marius Dietrichson på kontoret

IMOT: Leiar for Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson, seier dei er svært skeptiske til forslaget om å forlenga foreldingsfristar for brot på avvergingsplikta.

Foto: Caroline Drefvelin / NRK

Støttar forslaget

Ved Senter mot incest og seksuelle overgrep (Smiso) opplever dei stadig at folk som har opplevd overgrep i barndommen, også prøvde å melde frå om det då dei var barn.

– Men det kom aldri vidare. Desse barna kunne fått eit betre liv, om vaksne gav beskjed vidare til rett instans, seier dagleg leiar Grace Djuvsland ved senteret i Hordaland.

Dei er positive til lovforslaget og håpar endringa kan føre til at fleire melder frå.

– Vi håpar fleire tek ansvar og får mot til å handle. Det vil føre til ein større rettstryggleik for barn.

Politihuset i Bergen

BARNEHAGE RISIKERER STRAFF: Barnehage i Bergen fekk vite at søsken vart slått heime, utan å melde frå før det var gått tre år. I løpet av hausten avgjer politiet i Bergen om tilsette i barnehagen skal tiltalast.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Svært skeptiske

Advokatforeningen, som er høyringsinstans i endringsforslaget, er svært skeptiske til forslaget om å forlenga foreldingsfrist for dei som ikkje avverjar overgrep.

– Ein person som visste, men ikkje sa ifrå, vil oppleva det som svært urimeleg og hardt å få straff så mange år seinare, seier leiar for Forsvarergruppen, Marius Dietrichson.

Han seier dei generelt er skeptiske til å forlenga foreldingsfristar, men ekstra skeptiske til dette forslaget. Han poengterer at det blir vanskeleg å føra slike saker i retten, årevis etterpå.

– Bevis er ferskvare, og med gamle saker ligg vegen også open for uriktige domfellingar.