Hopp til innhold

Vil sende brør i fengsel i fleire år for gruppevaldtekt

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): Dei tre mennene valdtok kvinna etter tur. Det er så grovt og krenkande det dei har gjort at dei må setjast i fengsel lenge, meiner påtalemakta.

VIL HA STRENG DOM: Statsadvokat Rudolf Christoffersen vil ha dei to brørne fengsla lenge for gruppevaldtekt.

I dag blei det sett eit førebels punktum for det påtalemakta meiner er ei av dei grovaste valdtektssakene i Noreg på lenge.

Tre menn frå Aust-Europa valdtok ei kvinne etter tur i Sogndal natt til 6. februar i fjor. Den eine pressa ei pute mot hovudet hennar då han valdtok ho, meiner påtalemakta.

Berre to av dei møtte i retten, tredjemann er på rømmen. Han er internasjonalt etterlyst.

– Det er ei så stor påkjenning for ho, og ei så grov krenking av ho, at det er rett at straffenivået er så høgt, seier aktor i saka, Rudolf Christoffersen, til NRK.

Han vil at retten skal dømme dei til fire og eit halvt og fem og eit halvt års fengsel.

I over ei veke har den valdtekne kvinna følgd rettssaka frå eit anna lokale enn dei to tiltalte mennene som møtte i retten. Då ho sjølv var i vitneboksen, blei dei to tiltalte brørne ført inn eit anna rom. Ho skulle sleppe å sjå dei i auga.

– Eg lét som eg var medvitslaus då dei valdtok meg, sa kvinna då ho forklarte seg for retten.

Innrømte valdtekt i retten

Måndag var det sluttinnlegg frå statsadvokaten og forsvararane. Den eine av dei to brørne har innrømma valdtekt, men nektar for at det var planlagt slik politiet hevdar.

– Min klient har i denne alvorlege saka erkjent at han har gjennomført seksuell omgang med fornærma utan samtykke. Det er ei alvorleg sak som gjer inntrykk på oss, seier forsvarar Anette Stegegjerdet Norberg.

– Han meiner at han ikkje har vore ein del av ein gruppevaldtekt?

– Han meiner at han har handla aleine og då er min påstand at han skal dømmast i samsvar med det. Altså valdtekt.

Manglar DNA frå ein bror

Den andre broren derimot nektar for alt. Han nektar for at han har hatt noko med kvinna å gjere i det heile tatt. Manglande truverd og han lyg i retten, meiner statsadvokaten. Forsvararen meiner derimot at mannen bør frifinnast.

– Tiltalte meiner at han ikkje har hatt noko med denne kvinna å gjere. Ho klarer ikkje å identifisere han og dessutan er det ingen DNA-profil på ho frå min klient. Han reknar med å bli frifunnen, seier forsvarar Louis Anda.

Stortinget og Høgsterett har dei seinare åra skjerpa kraftig inn på straffenivået for valdtekt og overgrep. Difor meiner statsadvokaten at det må ei streng fengselsstraff til.