Hopp til innhold

Bistandsadvokat: Det er ei svært alvorleg kriminell handling

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): Mannen skal ha rive av ho kleda, pressa ei pute mot bakhovudet hennar og valdteke ho. Utanfor stod to andre menn og venta på tur.

Advokat Robert Fonn og statsadvokat Rudolf Christoffersen

ALVORLEG: Robert Fonn (t.v.) er bistandsadvokat for kvinna. Han reagerer sterkt på at den eine av dei tiltalte ikkje møtte då rettssaka starta i dag. T.h. statsadvokat Rudolf Christoffersen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var ei dramatisk historie som blei fortalt i Sogn og Fjordane tingrett i dag. Ei kvinne tidleg i 40-åra forklarte i detaljar korleis ho natt til 6. februar i fjor hadde ufrivillig sex med tre ulike menn.

– Det er ei svært alvorleg kriminell handling, meiner kvinna sin bistandsadvokat, Robert Fonn.

Les også: Risikerer 21 år i fengsel: Blir jakta av politiet over heile verda

Etter ein tur på kjøpesenteret i Sogndal dagen før, gjekk ho og ei venninne for å drikke kaffi på ein serveringsstad.

Der tok ein mann kontakt og dei godtok etter kvart at han skulle få spandere mat og drikke på dei.

I løpet av kvelden blei venninna dårleg og reiste heim, medan ho blei verande. Etter kvart følte ho at ho mistar meir og meir kontrollen over kroppen. Ho blir med mannen på ein køyretur når serveringsstaden stenger.

Lata som ho var bevisstlaus

– Det som eg kan hugse er at eg sat i bilen utanfor huset hans og at eg ikkje ville gå inn der. Neste eg hugsar er at eg sat i stova hans og høyrde på musikk, fortalde kvinna i retten måndag.

Utpå kvelden og natta skjer det som politiet meiner er ei gjengvaldtekt, der tre menn valdtek kvinna etter tur. To av dei er brør.

Ho skildrar at kroppen er som gelé og at ho blir støtta ned ei trapp til toalettet av han politiet meiner er hovudmannen.

– Du skal inn på eit rom og legge deg, sa mannen. Så førte han meg inn på rommet og reiv av meg kleda og dytta meg ned på ei seng. Han pressa ei pute mot bakhovudet mitt og valdtok meg. Eg tenkte det var best å late som at eg var bevisstlaus, fortalde kvinna.

Sikker på at dei var tre

Ho forklarte i detaljar korleis det berre blei verre og verre. I løpet av dei neste minuttane kom først ein annan mann inn og valdtek ho, ei kort stund etter kjem den tredje.

Når ho igjen blir åleine på rommet høyrer ho dei le og snakke høgt på gangen. Aktor Rudolf Christoffersen spør:

– Kor sikker er du på at det var tre ulike personar?

– Eg er heilt sikker, sjølv om det var mørkt i rommet. Eg kunne høyre den første og sjå den andre. Dei hadde alle tre ulik fysikk og lukta ulikt. Eg veit det var tre personar, seier kvinna og ber om å bli trudd.

Seinare på natta blir ho køyrd heim. Ho er djupt fortvila og nærast tilfeldig ringer ho til ein hjelpetelefon. Ho snakkar med dei i ein halvtime.

Når det har blitt kveld igjen kjem ho seg til valdtektsmottaket på sentralsjukehuset i Førde. Der ventar omfattande undersøkingar. I blodet finn dei restar av bedøvande medisin.

Redd for ikkje å bli trudd

Men kvinna er redd for ikkje å bli trudd. Helsepersonell overtalar ho til å kontakte advokat. Saman går dei og melder saka, då har det gått to månader.

– Livet mitt var så bra på den tida, så skjer dette. Då går alt i utforbakke, sa kvinna i retten.

I tingretten måndag var det berre to av dei tre tiltalte som møtte. Han som politiet meiner er hovudmannen har rømt landet, men nektar straffskuld. Det gjer også den eine av dei to brørne.

Den tredje innrømmer delvis straffskuld, men meiner at dei ikkje utførte valdtektene som ei gruppe.