Steinkrossane i Eivindvik

Krossen på Krossteigen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krossen på Krossteigen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved kyrkjegardsmuren i Eivindvik står ein gamal steinkross. Nokre hundre meter unna, på ein stad som kallast Krossteigen, står ein like stor steinkross.

Den eine krossen frå tida 900-1000 e.Kr. er av glimmerskifer og hoggen i kvernsteinsbrota ved Åfjorden i Hyllestad (sjå Kvernsteins-bygda). Den andre krossen ber også tydeleg preg av å vere hoggen i eit kvernsteinsbrot.

Steinen i Krossteigen er 2,65 meter høg og er slik plassert at sola lyser heilt ned til foten på krossen på årets mørkaste dag den 22. desember. Den er ein såkalla norsk-anglisk kross.

Krossen ved kyrkjegardsmuren i Eivindvik er ein keltisk kross, og måler 2,85 meter. Segna seier at denne siste krossen vart reist av Olav den heilage i 1023, og vert difor kalla Olavskrossen. Etter same segn skal det også ha vore ei offer- og lækjedomskjelde - Olavskjelde - sør-aust for krossen i Krossteigen. Like ved krossen sto det tidlegare eit klebersteinskar som i dag er flytta inn i kyrkja og nytta som døypefont der. Vigslevatnet vart nytta av folk som kom til krossen for å be. Eit liknande steinkar for vigslevatn sår ved steinkrossen i Korssund (sjå: Krossen i Korssund).

Olavskrossen øydelagd

I 2012 vart Olavskrossen øydelagd då eit tre som stod nær krossen skulle fellast. Ei stor grein fall ned frå treet og delte krossen i to. Politiet gav i 2014 Gulen kyrkjelege fellesråd ei bot på 50.000 kroner for øydelegginga, i tillegg må rådet betale dei 650.000 kronene det kostar å sette krossen i stand att.

Krossen ved kyrkja i Eivindvik i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krossen ved kyrkja i Eivindvik i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krossen ved kyrkja etter uhellet i april 2012. Foto: Laila Indrebø.

Krossen ved kyrkja etter uhellet i april 2012. Foto: Laila Indrebø.