– I Sogndal har vi ein flott runestein som står ved Stedje kyrkje. Vi som bur i området visste jo at han var dekt av ein enorm snøhaug. Eg har frykta at steinen kunne ha vorte skadd når dei har dumpa snø på han, fortel Stein Bondevik til NRK.no.
Det var Sogn Avis som først fortalde om saka om runesteinen ved Stedje kyrkje onsdag. Bondevik er professor i geologi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og han trudde ikkje sine eigne auge då han fekk sjå runesteinen tysdag kveld.
– Eg var heilt sjokka då eg kom opp og såg kva som hadde skjedd. Eg tykte at toppen på steinen såg så frisk ut, og så oppdaga eg at det låg stein i snøen, seier Bondevik til NRK.no.
Trur 30–40 centimeter manglar
Då han kom heim, samanlikna han med bilete av den heile steinen, og skjønte at her manglar det minst 30–40 centimeter.
STEINBITAR: I snøen fann Stein Bondevik steinbitar som er slegne av toppen av steinen.
Foto: Stein Bondevik– Det ser også ut til at det er sprekker nedover i steinen, så det kan vere verre enn det vi ser no, seier Bondevik til NRK.no.
Runesteinen er truleg frå 1100-talet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Er det eldste som finst i Sogndal
– Dette er den eldste tingen vi har her i Sogndal, og det er av nasjonal verdi. Runesteinen er også fantastisk fint plassert. Det er utruleg trist å sjå at slik idiotisk snørydding skal øydeleggje slik, og at ikkje folk har forståing for eit slikt flott kulturminne, seier Bondevik til NRK.no.
Steinen har stått der i uminnelege tider, så det er utenkjeleg at folk ikkje har visst om at steinen har stått der.
– Det er heilt ufatteleg. Ikkje minst også med tanke på storleiken, han ruvar jo nesten to meter til vers, seier Bondevik til NRK.no.
Etter kvart som snømengdene har auka, har ein måka snøen i ein diger haug rundt og over steinen. Det er truleg i samband med slikt arbeid at toppen har vorte slegen av.
FORDUMS PRAKT: Slik såg runesteinen ut før han fekk ein smell i toppen.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRKTorer ikkje tenkjer på konsekvensane
Kva skadane har å seie i eit kulturhistorisk perspektiv, er ein tanke som får Bondevik til å fryse på ryggen.
– Eg torer ikkje tenkje på kva dette har å bety i den samanhengen. Eg har eit håp om at dei kanskje klarar å samle i hop nokre av bitane, og at ein klarar å lime det i hop, seier Bondevik til NRK.no.
Han veit av røynsle av arkeologar er dyktige på å få saman att steinar som har vorte øydelagde.
– Eg har tru på at med kunnig eksperthjelp, så skal vi få steinen i hop att, seier Bondevik til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Håpar politiet kjem til botn av saka
Bondevik har også meldt forholdet til politiet.
– Det er ei kriminell handling å knuse eit uerstatteleg kulturminne. Politiet har sikra området, og i dag kjem det arkeologar som skal sjå på skadane og vurdere om det er råd å gjere noko, seier Bondevik til NRK.no.
– No må politiet finne ut kva som har skjedd. Dette må vi til botn i, seier Bondevik til NRK.no.
Han trur det skal la seg gjere å finne ut kva skadane skuldast.
– Dette kjem av snørydding, det trur eg det herskar lite tvil om, seier Bondevik til NRK.no.
(Artikkelen held fram under biletet)
DIGER HAUG: Denne svære snøhaugen omkransar runesteinen på Stedje.
Foto: Stein BondevikTykkjer det er trist
Politiet stadfestar ovanfor Sogn Avis at dei har sperra området for å sikre bevis i ei eventuell straffesak, men på peikar at det er for tidleg å konkludere med at det har skjedd eit lovbrot.
Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal har stilt ei rekkje spørsmål til teknisk etat, utan at han vil konkludere med at det er brøyting som er skuld i skadane.
– Uansett er det tist at noko slikt har skjedd. Om det er slik at kommunen er politimeld, så er det ein prosess som berre må gå sin gang, seier Aarvoll til Sogn Avis.