Hopp til innhold

Meiner slikt skjer for ofte

Leiar i Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane, Ove Losnegård, tykkjer det byrjar å bli litt tett mellom kvar gong eit kulturminne går tapt i Sogn og Fjordane.

Ove Losnegård
Foto: Stølen/Laila Oppedal/privat / NRK

– Eg tykkjer det blir litt mange slike saker etter kvart. Vi har nett hatt saka med runesteinen på Stedje i Sogndal, og no dette. Sjølv om det verkar å vere eit tragisk uhell, så er det veldig trist. Det er mykje kulturminne som går tapt i relativt høgt tempo, seier Losnegård.

Kallar det eit stort tap

– Vi får håpe det berre er tilfelle som er grunnen til at to svært verdfulle steinar er vorte øydelagde på kort tid. Vi får håpe at det ikkje har noko med respekten vår for kulturminna å gjere, men at det er tilfeldige uhell. Men det er skremmande, seier Losnegård.

Han peikar på det er er eit monaleg kulturhistorisk merkje som no er skadd.

– Det er klart dette er eit stort tap. Mellom dei to krossane stod vogga til demokratiet i Norge, Gulatinget. Vi er på det som Sogn og Fjordane har peika ut som tusenårsstaden sin, så dette er alvorleg, seier Losnegård.

Trur vi må auke medvitet

Han er uviss på om det vil late seg gjere å reparere steinen.

– Å lime i hop att ein slik stein vil i beste fall sjå bra ut. Men han har fått ein skade som kanskje ikkje vil vere råd å reparere skikkeleg. Men eg håpar det vil gå bra, seier Losnegård.

– Korleis kan vi ta grep i dette fylket for å unngå at slike ting kan skje med dei mange kulturminna vi har frå same tidsepoke?

– Det einaste eg trur vi kan jobbe med er å få opp medvitet vårt om kulturminne. At vi veit kva vi har rundt oss. Det har vore ein tendens til at vi gjerne har vorte litt tunblinde, og ikkje sett kva verdiar vi har i nærleiken, seier Losnegård.

Han trur eit større medvit vil gjere at slike uhell kanskje ikkje skjer så ofte.

– Det er paradoksalt at dette skjedde i dag då vi opna att Borgund stavkyrkje etter ei fantastisk flott restaurering, og Riksantikvaren feira sitt hundreårs jubileum her i fylket. Og så skjer ei sak som dette. Det er litt trist, seier Losnegård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kross i Eivindvik

BORTE: Her står berre stubben att etter at steinkrossen vart knekt av ei grein.

Foto: Belinda Fosse Haveland

Politiet har sikra spor

Mannskap frå Gulen lensmannskontor kom raskt til staden for å sikre seg spor.

– Vi har hatt to tenestemenn på staden som har dokumentert det som har skjedd, teke bilete og teke opplysningar, opplyser operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Morten Kronen.

Han stadfestar at det blir oppretta sak på forholdet.

– Det blir det i og med at dette er eit kulturminne som automatisk er freda i kraft av sin alder. Så får vi sjå kva etterforskinga syner, seier Kronen.