Hopp til innhold

Seks av ti returvarer forsvann: Slik løyste dei problemet med el-avfall

FANA (NRK): Butikkar gjer ein så dårleg jobb med å passe på elektronisk avfall at Miljødirektoratet tilrår krav om gjerde, lås og kameraovervaking. Men somme varehus har alt teke grep.

Ee-avfall Power Lagunen

INNANDØRS MOTTAK: Butikkmedarbeidar Robert Stangeland rullar på plass ei gammal vaskemaskin som er levert av ein kunde.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi ser at ingenting hamnar på avvegar, seier varehussjef Ørjan Andersen i Power Lagunen i Bergen.

Han viser fram konteinaren med tilgang frå innsida av bygningen.

Der blir utgåtte kjøleskap og vaskemaskiner plassert av butikkpersonalet med ein gong folk kjem med dei.

Mindre elektronikk blir lagt i blå bur bak dører som ikkje er tilgjengelege utanfrå.

Men langt frå alle elektronikkbutikkar har så god plass at dei kan gjere det same.

Ørjan Andersen i Power Lagunen

KONTEINAR: Ørjan Andersen er varehussjef i Power Lagunen i Bergen. Bak han blir kvitevarer plassert i ein konteinar.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Fleire tusen tonn forsvinn

Mellom 4000 og 10.000 tonn elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) blir stole frå forhandlarar og kommunale mottak kvart år, ifølgje Miljødirektoratet.

– Når el-avfall kjem på avvegar, veit vi at det innimellom blir eksportert ulovleg ut av landet og ikkje får forsvarleg handtering, seier seksjonsleiar Hege Rooth Olbergsveen for avfall og gjenvinning i Miljødirektoratet.

Sjølv om staten har trappa opp tilsyn med butikkjeder og kommunale returpunkt som tek imot dei siste åra, slurva bransjen meir enn før i 2020.

Miljødirektoratet ser alvorleg på alle regelbrota som blir avdekka.

Stjeling av el-avfall

FORSYNER SEG. I 2019 avslørte Brennpunkt-dokumentaren «Søppelsmuglerne» ein storstilt millionindustri med steling og eksport av utgåtte kvitevarer og elektronikk.

Tvingar forhandlarar til ansvar

No kjem dei derfor med forslag til innskjerping og nye reglar for å tvinge både kommunale mottak og forhandlarar til å ta ansvar:

  1. SIKKER LAGRING: Gjere det tydeleg i forskrift at forhandlarar og kommunar må sikre oppbevaring av EE-avfall så det ikkje kjem på avvegar.
    Ved lagring utandørs er inngjerding og låsing eller vakthald, inklusive kameraovervaking, moglege sikringstiltak. Innandørs oppbevaring er eit godt alternativ.
  2. TYDELEG SKILTING: Mottak må skilte tydeleg om at det er ulovleg og straffbart å ta avfall.
  3. SKRIFTLEG AVTALE: Dei som skal hente ut avfall må ha skriftleg avtale med forhandlar eller kommunen. Kravet gjeld ikkje godkjent returselskap

I tillegg foreslår direktoratet at ombruksaktørar bør få hente varer som kan få eit nytt liv direkte frå mottaka. Dei må i så fall dokumentere at dei kan handtere avfallet ansvarleg.

Det skal vere opp til det enkelte mottak og butikk å avgjere kven dei skal inngå slike avtalar med.

– Vi meiner at dei nye tiltaka og krava i regelverket vi no tilrår vil bidra sterkt til å førebygge denne typen miljøkriminalitet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

El-avfall

NYTT LIV: Miljødirektoratet at ombruksaktørar bør få hente varer som kan få eit nytt liv direkte frå mottaka.

Foto: Miljødirektoratet

Såg seks av ti returvarer bli stolne

Ørjan Andersen har sjølv vore sjef for ein butikk som hadde utfordringar med handtering av el-avfall.

Ved ein annan, no nedlagd Power-butikken i bergensområdet, måtte folk sette kvitevarene på utsida av butikkbygget.

Støtt såg Andersen dei same bilane køyre forbi for å sjekke ut og forsyne seg av «sortimentet».

– Seks av ti returvarer forsvann før vi rakk å ta dei vekk, seier han.

Men i den nye butikken på Lagunen blir varene umiddelbart sett innandørs.

Dei største varene blir plassert i konteinaren som står utanfor ei rulledør. Det er smale gliper på kvar side av konteinaren, så det er mogleg å snike seg inn utanfrå.

– Men ein får ikkje med seg noko ut att, understrekar Andersen.

– Det er veldig bra. Det er eit godt døme på praksis, dersom det stemmer, seier Olbergsveen i Miljødirektoratet.

Ee-avfall Power Lagunen

EL-AVFALL: Kvitevarer blir plassert i konteinaren som det er vanskeleg å stele noko frå. Mindre elektronikk blir plassert i buret fremst i biletet, som blir skjult bak ei dør til vanleg.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Nesten umogleg å gjennomføre

Andersen er likevel ikkje overbegeistra over dei nye forslaga til skjerpa reglar.

– Veldig mykje av det gjer vi allereie uansett. Dersom alle butikkar som sel elektronikk skal ha gjerde og innelåst område kvar for seg, er det nesten umogleg å gjennomføre, seier varehussjefen.

Han viser til at butikkar landet rundt har ulik storleik og plassering, og er dei på eit kjøpesenter, er det gjerne ulike reglar per senter.

Personleg ønskjer Andersen eit meir straumlinjeforma system for heile leveringsordninga:

– Gjenbruksstasjonar kunne hatt ein større rolle i dette, og tatt meir av avfallet direkte.

SJÅ BRENNPUNKT-DOKUMENTAREN «SØPPELSMUGLERNE» HER:

Parkerte biler fylles med elektronikk. Så forsvinner de. Brennpunkt avdekker en skjult millionindustri med store miljøkonsekvenser.

SØPPELSMUGLERNE: Parkerte biler blir fylt med elektronikk. Så forsvinn dei. Brennpunkt avdekkjer ein skjult millionindustri med store miljøkonsekvensar.