Hopp til innhold

Fryktar forureining frå verdas lengste vegtunnel går rett i lakseelva

Bygdefolk melder Statens vegvesen til politiet for miljøkriminalitet.

Forureining i Aurlandselva

Isopor og plast hamnar i Aurlandselva.

Foto: Bjørn Vike

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg vart sjokkert då eg vart klar over kor mykje ureining som kom ut i elva. Det seier Bjørn Vike, som er leiar i eleveigarlaget i Aurland.

Med sine 24,5 kilometer er Lærdalstunnelen verdas lengste vegtunnel, og i snitt passerer det kring 2000 bilar i døgnet. I tunnelen er det også kummar som skal samle opp ureining frå trafikken. Eleveigarlaget meiner ureininga i staden går rett i Aurlandselva.

Bjørn Vike

POLITIMELDER: Bjørn Vike er leiar i Aurland elveeigarlag.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Vi ser det kjem plastposar, store mengder isopor og anna ureining frå trafikken. Vi slit med mange miljøpåverknader på elv og fjord, men at Statens vegvesen skulle stå bak noko slikt er alarmerande. Dette er miljøkriminalitet, og vi kjem til å melde det til politiet.

Forureinninga

GRÅTT: Dette er slam som kjem frå Lærdalstunnelen, meiner elveeigarlaget i Aurland.

Foto: Bjørn Vike

Tar tak i saka umiddelbart

Over helga vil Statens vegvesen sette i gang undersøkingar for å finne ut kvar ureininga i Aurlandselva kjem frå. Det seier avdelingsdirektør for drift og vedlikehald Svenn Egil Finden.

Finden

VIL GRANSKE: Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

Er dette tilfelle så er det svært alvorleg, og noko vi må få sjekka, seier Finden.

Han seier dei ikkje heilt forstår kvar ureininga kan kome frå, men at dette er noko dei tek på høgste alvor.

– I tunnelen er det ei system kummar som vert reingjorde jamleg. Men sjølvsagt når vi får slike meldingar, så må vi sjå på det, og det skal vi gjere etter helga.

Politimelde også for eitt år sidan

Det er andre gong at elveeigarlaget melder Statens vegvesen. For eitt år sidan vart Vegvesenet filma då dei dumpa vegstøv frå tunnelen i elva.

– Det beklaga Vegvesenet, no ser vi at det skjer igjen. For oss er det ikkje noko anna alternativ enn å melde dei til politiet, seier Vike.

E16 Lærdalstunnelen

LÆRDALSTUNNELEN: Den 24,5 kilometer lange vegtunnelen er viktig for trafikken mellom Oslo og Bergen.

Foto: kjell wold

– Vi må no undersøke kva som har skjedd. Vi tek jamleg prøvar frå støv og vatn i kummane i tunnelen for å vere sikre på at vi er innanfor krava, så vi forstå ikkje kva som kan ha skjedd, seier Finden.

AURLAND I SOGN