Her kastar dei vegavfall rett i lakseelva

Grus, støv og avfall vart kasta rett i Aurlandselva. Statens vegvesen lover at det ikkje skal skje igjen, men synest det er «litt i overkant» å bli meldt for miljøkriminalitet.

– Det har ingenting i eit vassdrag å gjere. Det må handterast som spesialavfall, seier Bjørn Vike, leiar i Aurland elveeigarlag.

No politimelder han syndaren for miljøkriminalitet, etter at ein video visar at grus, støv og avfall vert kasta rett i Aurlandselva.

Elva er ein ynda plass for å fiske etter laks og aure.

– Dette er fullt av bly, bildekkgummi og miljøgifter som ikkje høyrer heime i eit vassdrag.

Hendinga skjer ved rundkøyringa i inngangen til E16 Lærdalstunnelen, som er landets lengste vegtunnel.

Aurlandselva

FISKEELV: Aurlandselva er ein ynda plass for å fiske etter laks og aure.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

I Vegvesenet sine eigne forskrifter står det at all grusen skal samlast opp, og leverast til godkjent mottak. Denne gongen vart det tatt ein «snarveg».

– Det er uhøyrt at ein skal drive på denne måten i 2021, eg meiner dette er miljøkriminalitet og ei politisak, seier Vike.

Blir tatt på fersk gjerning

Det er firmaet Presis vegdrift som har vedlikehaldskontrakt for Statens vegvesen i det aktuelle området.

Presis vegdrift viser til Statens vegvesen for kommentar.

– Vi trur dessverre at det hamna eit par bøtter med sand ned i elva. Det skulle det ikkje ha gjort, men det gjorde det dessverre. Det har vi tatt opp med entreprenøren for at det ikkje skal skje igjen, seier Lars Erik Karlsen, som er prosjektleiar i Vegvesenet.

Han synest det er «litt i overkant» å bli meldt for miljøkriminalitet.

– Men vi vil gjere alt vi kan for at det ikkje skal skje igjen. Vi håpar at det kan vere godt nok.

Han legg til at han trur det gjekk bra.

– Vi har ikkje mistanke om at det er forureina, men det skal vi få svar på. Vi har teke prøvar i nærleiken, som ikkje er forureina.

Meiner Vegvesenet provoserer

Bjørn Vike leverte politimeldinga på Aurland lensmannskontor fredag denne veka. Han meiner Vegvesenet prøvar å bagatellisere saka.

– Vegvesenet veit like godt som meg at dette inneheld langt meir enn berre sand. Dette er vegavfall etter ein lang vinter som ikkje har noko i eit vassdrag å gjere.