Hopp til innhold

Vil ha svar frå departementet om kvifor Førdepakken dreg ut i tid

Førdepakken skal løyse dei store trafikkutfordringane i Førde sentrum. Men lite har skjedd i saka. No har styreleiar i Førdepakken, Oddvar Flæte, sendt brev til samferdsledepartementet for å få svar.

Oddvar Flæte

VIL HA FART: Styreleiar i Førdepakken, Oddvar Flæte, har bedd samferdsledepartementet om svar på kvifor det går så tregt med Førdepakken.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det har skjedd forbausande lite, seier Flæte.

Han fortel at det er ni månadar sidan departementet tok imot søknaden, og for eit halvt år sidan hadde dei eit oppfølgingsmøte der dei møtte statssekretæren og Bjørn Lødemel (H).

- Då fekk vi beskjed om at Førdepakken hadde komme på bordet på ei gunstig tid. Men før han kunne verte fremja, måtte det gjennomførast ei ekstra kvalitetssikring, og så ville ein prøve å få saka fremja for Stortinget, og eit eventuelt vedtak ville komme seint på hausten, seier Flæte.

Forskrekka over at det har gått så lang tid

Han har i dag sendt brev til politisk leiing i Samferdsledepartementet der han tek opp status og framdrift av Førdepakken.

Han ønskjer svar på kva som er årsaka til at det har gått ni månadar utan at noko har skjedd, når departementet forventar at KS2 for Førdepakken vert gjort ferdig og når det eventuelt vert fremja ei sak for Stortinget om bompengar for Førdepakken.

Flæte er klar på at han har hatt klare forventningar om at det burde har skjedd noko i saka.

– Når ein for eit halvt år sidan møtte statssekretæren, som meinte at dette skulle ein gjere snøgt og prøve å få ferdig slik at det kunne leggjast fram for Stortinget i haust, så vert eg ganske forskrekka når det er komme over ferien utan at vi har høyrt noko, seier Flæte.

Har lite tru på halvering av planleggingstida

Dei har purra på saka, men det har framleis ikkje skjedd noko.

– Framleis har ein ikkje klart å komme i gang med arbeidet. Konsulenten har ikkje fått oppdraget fordi ein ikkje er ferdig i departementet. Når ein har brukt ni månadar på å greie ut kva ein konsulent skal gjere, då trur eg at løfta som denne regjeringa har hatt, og for så vidt førre regjering også, om at ein skal halvere planleggingstida, må vere luft, seier Flæte.

Han legg til at i arbeidet med å forme ut ein bompengesøknad, arbeidde dei lokalt og regionalt med Statens vegvesen for at ein skulle få ei snøgg og effektiv løysing av trafikkproblema i Førde.

For å nå dette, vart det gjort eit omfattande planarbeid, halde folkemøte og ekstraordinært bystyremøte.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok å delta i finansieringa. Trass i ein krevjande fylkeskommunal økonomi, var det berre Frp som gjekk mot dette.

Meiner brevet er fornuftig

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) frå Hornindal har prøvd å finne ut kvifor saka har drege ut i tid.

– Vi ønskjer større tempo i planlegging og avklaring. Eg snakka med statsråden i dag, og det er den ekstra kvalitetssikringa det vert jobba med. Det er ikkje nokon politiske signal eller innspel som gjer at dette skal bli forseinka. Det er prosessen som tek lengre tid enn det ein hadde trudd, seier Lødemel.

Han legg til at dei har etterlyst dette fleire gonger.

– Ein er på saka. Eg meiner det er fornuftig, det Flæte har gjort her. At han pressar på og skriv eit brev og stiller dei gode spørsmåla, seier Lødemel.

Bjørn Lødemel

SAMD: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner brevet frå Flæte er på sin plass.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han legg til at prosessen har teke lengre tid enn kva ein hadde trudd.

– Eg meiner det er rett å vere utolmodig, og eg støttar opp om det styreleiar Flæte seier, seier Lødemel.

– Kva har du gjort for å få fortgang i Førdepakken?

– Eg har teke det opp med departementet ved fleire høve. Førdepakken er, i lag med 20-minutts avgangar på Lote-Anda, Bjørset-Skei og Kystvegen ei av hovudsakene som eg pressar på for å få på plass, seier Lødemel.

Har fleire konsekvensar

Flæte er glad for at Lødemel står på, men hadde gjerne sett at det vart meir fart i sakene. Han legg til at det ikkje er heilt uproblematisk at saka dreg ut i tid.

– Det er både praktiske og kostnadsmessige spørsmål knytt til dette. Ein av føresetnadane vi hadde som departementet kravde, var at vi måtte ha eit styre og ta opp lån for å komme i gang. Det kostar ein del, seier Flæte.

I tillegg kjem uvissa, det at ein ikkje får svar.

– Det gjer også at ein vert usikker på om det kjem i det heile, eller om det ligg noko bak, seier Flæte.

Lødemel understrekar at han har fått stadfesta frå både statssekretær og statsråd at det ikkje er noko politisk som ligg bak.

– Det er rett og slett at det går for seint. Då må vi presse på for at vi skal få større fart. Eg ser også for meg at ein kan ha eit møte med departementet for å få utdjupe dei spørsmåla som er stilt og få dei avklaringane som ein ønskjer, seier Lødemel.

Skulle gjerne hatt nokon i regjeringskvartalet

I eitt år har den blå regjeringa sete i regjeringskontora men framleis er det ingen frå Sogn og Fjordane i det over 80 personar store maktapparatet. Flæte trur det har noko å seie når saker frå Sogn og Fjordane skal på dagsorden.

– Det å ha ei Heidi Grande Røys, Liv Signe Navarsete eller Kjell Opseth gjorde at ein kunne ringje dei direkte. Faktisk kunne dei vere så tøffe at dei skar gjennom og fekk ting unna, seier Flæte.

– Er det byråkratiet som er seindrektige her, så har regjeringa sagt at ein skal jobbe smartare. Er det slik at ein prioriterer andre ting, så er det også denne regjeringa som seier det er rett prioritering. Så, ja, det hadde vore greitt å ha hatt våre folk der inne, men det har vi ikkje, seier Flæte.

Samferdsledepartementet vil ikkje kommentere saka, men stadfestar at dei har fått brevet i sine journalar i dag, og skal handsame det så raskt som råd. Dei kommenterer ikkje saker under handsaming.