Fylkesrådmann Tore Eriksen legg no fram framlegget til Regional transportplan 2014–23 til politisk handsaming. Her vil han satse på drift og vedlikehald framfor nye store prosjekt, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
Utgreiingar frå Statens vegvesen viser at forfallet på fylkesvegane i Sogn og Fjordane er kostnadsrekna til fire milliardar kroner.
– Vi har lenge hatt eit etterslep i vedlikehaldet på fylkesvegane. Dette har ført til eit stadig aukande forfall på infrastrukturen. No meiner eg vi bør prioritere drift og vedlikehald for å stogge forfallet. Vi bør også satse ekstra på vedlikehald av tunnelane våre, seier fylkesrådmann Tore Eriksen i pressemeldinga.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ingen store prosjekt før 2018
Han legg no fram eit framlegg som stoppar forfallet på fylkesvegane, og som skal vere tilpassa dei politiske føringane for arbeidet med Regional transportplan.
Framlegget til Regional transportplan legg opp til å sluttføre investeringsprosjekta som alt er starta opp, men fylkesrådmannen vil ikkje starte nye, store investeringsprosjekt i perioden 2014 – 2017.
Han rår likevel politikarane til å setje av ei investeringspakke på 270,8 millionar kroner til mindre utbetringar av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar og rehabilitering av tunnelar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Blir gjort vedtak i desember
Det tilrådde drifts- og vedlikehaldsbudsjettet i åra 2014 – 2017 er på rundt 340 millionar kroner i året. I den siste planperioden 2018 – 2023 har fylkesrådmannen igjen funne rom for å gjere nye investeringar på fylkesvegnettet.
Han rår då politikarane til å løyve 150 millionar kroner – 25 millionar i året – til Førdepakken.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Hovudutvalet for samferdsle skal handsame saka om Regional transportplan 26. november. Fylkesutvalet skal så ta stilling til saka 27. november, før fylkestinget gjer endeleg vedtak i desember.