Hopp til innhold

Direktør Nils Magne Slinde: - No kan vi stanse forfallet på riksvegane

I framlegget til statsbudsjett er det ein kraftig auke i løyvingane til vegvedlikehaldet. Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seier det er det mest gledelege i framlegget.

Dekkelegging og Slinde
Foto: Ellinor Hansen/Arne Stubhaug / NRK

Det er lagt inn 2,9 milliardar kroner ekstra på nasjonalt nivå til styrking av vedlikehaldet på riksvegnettet. Kor mykje av dette som fell på Sogn og Fjordane er ikkje klart enno, men Slinde reknar med at det skal bli ein bra slump.

– Det er nok til å stanse forfallet på nasjonalt nivå, så då vil nok også Sogn og Fjordane få sin del av det.

Ikkje like overraska som Klakegg

Slinde er ikkje like overraska som ordførar Oddmund Klakegg i Jølster over at det ikkje er startløyving til E 39 Bjørset-Skei.

Det låg eigentleg ikkje inne i handlingsprogrammet for 2015. Anlegget er ferdig planlagt, og vi er ferdige med arkeologiske utgravingar, så det er for så vidt klart til start.

Slinde hadde venta pengar til gang- og sykkelvegen frå Hjelle til Nor bru i Eid, men det har ikkje regjeringa sett av pengar til.

– Den er med i handlingsprogrammet, så den hadde vi litt større forventningar til.

Bra med pengar til E39 og E16

Avdelingsdirektøren konstaterer at det er avsett nok pengar til arbeida som er i gang på E39 mellom Vadheim og Sande, på Lavik og Oppedal ferjekaiar, og på E16 over Filefjellet.

Når det gjeld den nye Loftesnesbrua på riksveg 5 i Sogndal ligg det pengar frå årets budsjett, problemet der er at botntilhøva i Loftesnessundet gjer at sjølve bygginga er utsett til det er funne ei god løysing.

Førdepakken ikkje nemnt

Det er sett av 220 millionar kroner til planlegging i heile Region Vest i 2015. Slinde seier at desse pengane ikkje er fordelte, men at dei vil halde fram med planlegginga av utbetring av E39 forbi Vadheim og forbi Myrmel.

– E39 forbi Førde er ikkje nemnt i teksten til statsbudsjettframlegget, så då blir det truleg ikkje noko planlegging der, det same gjeld E39 over Nordfjorden.

Satsing på rassikring

Nils Magne Slinde er også glad for at det er sett av godt med pengar til rassikringstiltak, både på riks- og fylkesvegar.

– Det gjer at vi kan halde fram med arbeidet på Veitastrondsvegen for full musikk, vi kan starte to nye fylkesvegprosjekt neste år dersom fylkestinget er samd med oss.

Det er to anlegg på fylkesveg 55 i Balestrand, Alstokka og Renninganeset i Lånefjorden.

– I tillegg vil vi ha full fart på planlegging av Flovegen i Stryn. Eg reknar med at det vil kome pengar der dei komande åra, slik at vi kan byggje ein sikrare veg til Flo. Det er gledeleg å lese ut av budsjettet.

Vogntog reiv ned delar frå taket i tunnel

SATSING PÅ TUNNELAR: Forfallet på fylkesvegtunnelane skal stansast.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Fylkesvegtunnelar

Slinde gler seg og over dei lekkasjane som har kome om eigne midlar til å stanse forfallet på tunnelar på fylkesvegane.

– Det gjer at situasjonen er litt mindre dyster enn det vi såg føre oss tidlegare i haust, så det er vi glade for.

For dei som gjerne vil høyre radio i tunnelar er det og positivt nytt.

– Alle riksvegtunnelane som i dag har FM-mottak vil få DAB-mottak. Det er lagt inn pengar til det i budsjettet, så vi tek sikte på å få det ut på anbod i 2015.