Hopp til innhold

Vil ha 175 millionar for denne bygda – blir tilbydd 34 millionar

BRYGGJA (NRK): Kinn kommune krev 141 millionar kroner meir for denne bygda enn det Stad er villige til å gi. – Galskap, seier dei som bur der.

Bryggja

MÅ BLI SAMDE OM PRISLAPP: Kinn og Stad kommune må bli samde om prislappen på bygda Bryggja.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

1. januar blei bygda Bryggja overført frå ein kommune til ein annan.

Dei 540 som bur der høyrer ikkje lenger heime i Kinn, men i Stad.

Men overgangssummen har dei to kommunane på vestlandet framleis ikkje vorte samde om.

Kinn krev 175 millionar for å gi frå seg Bryggja.

Tilbodet frå Stad er på 34 millionar kroner.

Og der står saka.

– Vi har veldig ulik forståing for kva som skal dekkast ved ei grenseoverdraging, seier Åslaug Krogsæter, som er kommunedirektør i Stad.

Og det er det einaste kommunedirektøren i Kinn, Terje Heggheim, er einig i.

– Vi registrerer at det er ganske stor skilnad på summen vi og Stad har kome fram til, seier han.

5.000 kroner per meter veg

Bryggja ligg mellom Måløy og Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, og var tidlegare ein del av gamle Vågsøy kommune.

Men då Vågsøy og Flora blei til Kinn kommune ved nyttår, og Selje og Eid blei til Stad kommune, gjekk bygda over til Stad.

Sidan har dei to nye kommunane krangla om oppgjeret for bygda Bryggja. Mens Kinn kommune krev 175 millionar kroner, tilbyr Stad kommune å dekke restgjeld på bygg og anlegg på Bryggja tilsvarande 34 millionar kroner.

Kinn kommune krev mellom anna 5.000 kroner per meter veg.

Med 11,5 kilometer veg blir det til saman 57,5 millionar kroner.

Stad vil betale 3,8 millionar kroner for dei same vegane.

Åslaug Krogsæter

VIL GI 34 MILLIONAR: Stad kommune og Åslaug Krogsæter vil dekke restgjeld og betale ut 34 millionar kroner for overgangen.

Foto: NRK

– Galskap

– Galskap, seier Agnar Fagerlid, som bur og driv eit bakeri på Bryggja.

Han viser til at verdiane på staden er bygd opp av fleire ulike kommunar gjennom mange år.

– Det låg under Davik kommune og var nærast eit kommunesenter, så vart det tatt inn i Vågsøy – med alle fasilitetar på lasset. Og no krev Kinn kommune at dei nærast skal ha betalt for det som er her.

Agnar Fagerlid

– Det er verdiar som er skapt av bygda i ein kommune, då skal ikkje rest kommune ha verdien av alt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Fylkesmannen må mekle

Stad og Kinn er likevel samde om noko. Dei er samde om at Fylkesmannen må mekle.

I førre veke gjekk den fyrste fristen til Fylkesmannen ut. Då måtte Kinn kommune leggje fram sitt endeleg krav, som altså var 175 millionar.

Om partane ikkje kjem til eining, går saka til ei skjønnsnemnd, som bli nemnt opp av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Bryggjaværing og lokalpolitikar Hogne Bleie (Frp) er blant dei som tek til orde for å sende saka til departementet, skriv Fjordenes Tidende.

– Det beste hadde vore å få sendt saka vidare. Eg er trygg på at den får ei rettferdig behandling i departementet, seier Bleia til avisa.

– Gapet er stort

Heggheim vedgår at det kan bli vanskeleg å kome til semje.

– Gapet er stort og det skal vere fleksible partar for å kome i mål, seier han.

Han legg til:

– Viss ein berre legg til grunn restgjelda, så meiner eg at Kinn vil sitte igjen med ei betydeleg økonomisk belasting som følge av grensejusteringa.

Terje Heggheim, rådmann Kinn

KREV 175 MILLIONAR: Kinn kommune og rådmann Terje Heggheim vil ha 175 millionar kroner for overgangen Bryggja gjer frå Kinn til Stad kommune.

Foto: Bård Siem / NRK