– Vi er jo verdt noko, seier Mette Kvalheim (26).
For eit års tid sidan flytta ho og familien til Bryggja. Ho kan ikkje skjøne anna enn at summen av det dei tilfører skule, barnehagar og butikkar må vere mykje verdt.
– Vi har flotte uteområde, det skal byggjast leilegheiter og det er potensial for fleire bustader. Det er ein god plass å vere og vi har mykje å tilby.
Akkurat kor mykje blir det no forhandla om. 1. januar tek nemleg Bryggja sin eigen «brexit». Dei forlèt Vågsøy til fordel for den nye storkommunen Stad, noko Fjordenes Tidende har omtala.
I medgifta følgjer 500 innbyggjarar, omsorgssenter, skulebygg og vegar. Og prislappen? Det skal kommunepolitikarar og administrasjon i Vågsøy, Eid og Selje forsøke å bli einige om.
– Det er veldig vanskeleg, vedgår Nils Myklebust, varaordførar (Sp) i Vågsøy og ein av forhandlarane.
– Vi som begynte på dette ana ikkje kva vi gjekk inn i og kva verdiar vi snakka om.
SKAL BEHALDE GODT NABOSKAP: – Dette er vanskeleg, også fordi vi snakkar med naboar som vi skal vere naboar i framtida, seier Vågsøy-varaordførar Nils Myklebust (Sp), som likevel meiner forhandlingane så langt har vore gode.
Foto: Silje Guddal / NRK31 millionar kroner er summen påtroppande Kinn-ordførar Ola Teigen meiner dei tapar når Bryggja skifter hender. Men Myklebust vil ikkje røpe kva tal dei forhandlar om i det større biletet.
– Verdien av ei bygd er stor. Korleis vi kjem ut av dette, veit vi ikkje enno. Vi prøver å ha med så mange moment som mogleg.
24 grensejusteringar
Bryggja er ikkje aleine om kommunebytet. I samband med kommunereforma skal det samla gjerast 24 kommunegrensejusteringar og tre fylkesgrensejusteringar.
I Møre og Romsdal skal Bjørke og rundt 100 innbyggjarar gå frå Ørsta kommune til nye Volda kommune. Hittil er det klart at Volda skal kompensere Ørsta for ein liten brannstasjon, vegar, bruer og ei radioantenne. Ørsta kan også søke om erstatning for inntektstap når Tussa kraftverk byter kommune.
– Då er spørsmålet kven som skal dekke tapet, er det staten eller Volda kommune? Det er må ein kome tilbake til, fortel Volda-rådmann Rune Sjurhovd.
OVERTEK OMSORGSSENTERET: Omsorgssenteret på Bryggja blir med over i nye Stad kommune.
Foto: Benedikte Grov / NRKKan bli mekling
Tilbake i Nordfjord meiner Eid-rådmann Åslaug Krogsæter at kommunane skal greie å bli samde om ein nokolunde korrekt sum i Bryggja-forhandlingane, men:
– Hovudproblemet er at Vågsøy opplever at dei tapar veldig på å miste 500 innbyggjarar, seier Krogsæter.
Ho er klar på at inntekter Vågsøy mister med innbyggjartapet ikkje er noko Stad kan kompensere for.
– Det er i så fall noko styresmaktene må gjere.
Blir ikkje kommunane samde om oppgjeret, kan Fylkesmannen mekle. Vinn ikkje det fram, blir det oppretta skjønnsnemnd.
Uavhengig av kva prislappen på Bryggja blir, ser Mette Kvalheim og kollega Lennart Ekremsæter fram til å bli innbyggjarar i nye Stad.
– Eg var litt skeptisk til å begynne med, då var det mykje fram og tilbake. No verkar det som dei får det til, så eg er for det, seier Kvalheim.