Hopp til innhold

Vil tørrlegge heile Arbeidarpartiet

SANDANE/FØRDE (NRK): Fleire på grasrota i Ap vil ha slutt på drikking i politikken. Partileiar Jonas Gahr Støre avviser ikkje forslaget.

Sindre Hornnes

TRYGT: Leiar Sindre Hornnes i AUF Sogn og Fjordane vil at det skal vere trygt for ungdom å delta i politikken. Då må det bli slutt på alkohol på årsmøtemiddagane, meiner han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ap er eit statsberande parti. Og skal du vere statsberande, bør du i det minste vere edru.

Det seier Arnar Kvernevik som leiar Gloppen Arbeidarparti.

Arnar Kvernevik

EDRU: Leiar Arnar Kvernevik i Gloppen Ap synest ikkje det for mykje å forlange at politikarar kan halde seg ei heil helg utan alkohol.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei har føreslått å forby alkohol på alle partiarrangement. Dei håpar å få med seg resten av Sogn og Fjordane Arbeidarparti på det, når dei samlast på fylkesårsmøte i Førde i helga.

Dei har støtte frå ungdommen. For AUF i Sogn og Fjordane har føreslått det same.

– Vi tenkjer at alkohol og politikk ikkje bør blandast saman på ein slik arena, seier fylkesleiar Sindre Hornnes i AUF.

– Dette handlar om å lage ein trygg arena. Hedmark Ap har vedteke at årsmøtebanketten deira skal vere rusfri. Det er eit godt vedtak, som vi håpar fleire vil bli med på.

– Er det utrygt med vin til maten på ein årsmøtemiddag?

– Det er ikkje nødvendigvis utrygt. Men det handlar om at ungdom skal kunne vere saman med vaksne i ein organisasjon, utan at nokon skal vere rusa.

– Kunne unngått #metoo-saker

Kvernevik i Gloppen Ap fortel om bakgrunnen for framlegget.

– Det har sitt utspring i metoo-rørsla. Vi ser at mange av dei sakene som har dukka opp har vore utløyst av uvettig og uansvarleg omgang med alkohol. Spesielt på stadar der eldre møter yngre, og der folk med makt møter folk utan makt.

– Eg trur at om vi hadde vore meir restriktive eller hatt totalt fråhald frå alkohol, så hadde vi unngått ein god del av desse metoo-sakene.

Jonas Gahr Støre

ALKOHOLFRITT: Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier det er riktig å drøfte alkohol-forbod i partiet.

Foto: NRK

Gahr Støre: – Riktig debatt

Sogn og Fjordane Ap har allereie slutta å spandere alkohol til årsmøtemiddagen. Leiar Jonas Gahr Støre sa tidlegare i år at det også blir slutt på det på nasjonalt plan.

Dette gjentek han når NRK spør han om forslaga som skal handsamast i Sogn og Fjordane i helga.

– Dette skal fylkesårsmøtet få behandle. Det vi seier sentralt er at partiet ikkje skal betale for alkohol. Det betyr ikkje at alle arrangement blir alkoholfrie, men at du må kjøpe den sjølv.

– Eg trur det er ein riktig debatt dei tek opp. Eg synest det bør vere møter også utan alkohol, seier partileiaren.

Set pris på eit glas vin

Fylkesstyret vil sende forslaget til redaksjonsnemnda. Dermed er det usikkert kva fylkeslaget kan kome til å vedta.

– Eg har ikkje så stor tru på at vi får gjennomslag for ei total fråhaldslinje. Men eg vil gjerne skape ein debatt omkring dette. Det er ikkje for mykje å forvente av politikarar at dei klarar seg utan alkohol ei helg, seier Kvernevik i Gloppen.

– Er du sjølv fråhaldsmann?

– Nei, det er eg ikkje. Dessverre, har så nær sagt. Eg set pris på eit glas vin. Men alkohol er mindre og mindre viktig for meg.

– Godt forslag

Arne Johannesen, forhandlingsleder i UNIO

NØGD: Styreleiar Arne Johannesen i Actis synest det er bra med alkoholfrie, politiske møter.

Foto: Johan B. Sættem

Arne Johannesen er styreleiar i organisasjonen Actis, som er paraply for eit trettitals organisasjonar som mellom anna vil avgrense russkadar.

– Eg synest det er eit godt framlegg. Eg har merka meg at det er mange lag og organisasjonar som tek ein god debatt i kjølvatnet av #metoo. Det aller viktigaste er at organisasjonar og arbeidsgjevarar sluttar å spandere gratis alkohol på ulike arrangement.

– Det er bra å ha nokre arrangement som alkoholfrie soner. Sjølv om det er ei lovleg vare, treng det ikkje vere på alle arrangement.