Hopp til innhold

Oppdrettar vil vekk frå forureina område. Blir skulda for å stikke av frå «skiten sin»

Fiskemerdane ligg i eit område med for dårleg gjennomstrøyming, og eigaren søkjer om å få flytta anlegga til ein ny og reinare stad. – Uakseptabelt viss dei får løyve, meiner miljøvernforbundet.

Gunnar Husebø

PROTESTERER: – Fastbuande og hyttefolk mobiliserer for å stoppa oppdrettsplanane nord i Mangersfjorden, seier Gunnar Husebø.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Gunnar Husebø står i naustet og ser ut over Mangersfjorden i Alver kommune i Vestland.

Han er oppvaksen ved Husebøvågen på Holsnøy. No har oppdrettsselskapa Blom og Lerøy søkt om å få legga kvart sitt nye anlegg like ved.

– Eg har eit veldig nært forhold til plassen. No er me redde for at livet i fjøra og i fjorden blir tatt frå oss.

«Fjorden er jo meg», eigentleg.

Gunnar Husebø

Vil flytta

Dagleg leiar Øyvind Blom forklarer at Blom fiskeoppdrett vil legga ned to eldre anlegg ved Radøy på andre sida av fjorden, og flytta produksjonen hit.

– Straumforholda og gjennomstrøyminga er mykje betre på den nye staden ved Skjelanger. Dei to lokalitetane på Radøy ligg på grunne område med for dårleg gjennomstrøyming, og er ikkje eigna for auka eller optimal produksjon. Me ønsker å flytta for å få betre produksjon, miljøforhold og fiskevelferd.

Leiar Ruben Oddekalv i Norges Miljøvernforbund meiner dette er å stikka av frå område oppdrettsselskapet har øydelagd.

– Det kan ikkje vera slik at når dei har skitna til éin plass og forureina så mykje at det boblar under føtene deira, så skal dei berre kunna flytta til eit nytt område og belasta økosystemet der.

Ruben Oddekalv, Norges Miljøvernforbund

IKKJE OK: Ruben Oddekalv i Norges Miljøvernforbund protesterer mot det nye anlegget.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Kan du ikkje driva økologisk bærekraftig, bør du legga ned.

Ruben Oddekalv

Miljøkrav

Blom avviser skuldingane.

– Me har ikkje gjort områda ubrukelege for oppdrettsanlegg. Men det blir jo stadig strengare miljøkrav i denne bransjen. Dette er ikkje anlegg me kan driva på i framtida.

– Korleis er miljøtilstanden under desse to anlegga?

– Middels. Den restituerer seg, men er ikkje optimal.

– Betyr det at de har forureina for mykje der?

– Nei, me følgjer sjølvsagt alle reglar og løyve, men lokalitetane er rett og slett ikkje gode nok til å driva. Og då trivst heller ikkje fisken.

Me har ikkje drive med ulovleg forureining.

Øyvind Blom

file:///C:/Users/n21935/AppData/Local/Microsoft/Windows/INetCache/Content.Outlook/O35AVN2M/Øyvind_Bl

BETRE Å FLYTTA: Dagleg leiar Øyvind Blom seier dei ønsker å flytta for å få betre produksjon, miljøforhold og fiskevelferd.

Foto: Privat

– Viss du driv på ein så dårleg måte at du øydelegg driftsgrunnlaget ditt, bør du heller revidera driftsforma enn å berre ta eit nytt område, meiner Oddekalv.

Truga Vossolaks

Eit av hovudargumenta til miljøvernarane mot oppdrettsplanane, er at Mangersfjorden er vandringsrute for den utryddingstruga Vossolaksen.

– Når smolten frå Vosso-elva vandrar ut mot havet, går den gjennom denne fjorden. Den risikerer allereie i dag lakselus-smitte frå ei lang rekke anlegg på vegen, og toler ikkje meir belastning.

– Dessutan har dette området gyteplass for breiflabb. Og det er mykje oter og havørn her, seier Oddekalv.

Ja frå kommunen

Eit stort fleirtal i Alver kommune har lagt til rette for oppdrettsanlegg i dette området.

– Det bør vera mogleg å flytta til andre stader der ein kan drive på ein betre og meir miljøvenleg måte.

Det seier varaordførar Øyvind Oddekalv frå Arbeidarpartiet. (Han er ikkje i slekt med miljøvernaren.)

– For alle partar vil det vera ein fordel å driva på den best moglege måten og lokaliteten.

Statsforvaltaren viste i 2019 mellom anna til omsynet til Vossolaksen og la ned motsegn mot kommunedelplanen.

Både Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet var samde, men dåverande kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland godkjende likevel planen.

Norges Naturvernforbund klaga på dette. Sivilombodsmannen skal behandla klagen, medan Vestland fylkeskommune skal vurdera utsleppsløyvet og Mattilsynet skal vurdera omsynet til Vossolaksen.

Gunnar Husebø matar villsauer ved Kårbøvågen i Alver

DÅRLEGE UTSIKTER: Gunnar Husebø matar sauene i bakkane ned mot fjorden og holmane der det er planlagd to store fiskeoppdrettsanlegg.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Protesttog

Fastbuande og hyttefolk har oppretta ei protestgruppe på Facebook med over 540 medlemar og mobilisert kraftig mot planane.

Førstkommande søndag klokka 13 arrangerer dei protesttog langs strandlinja og opp til Storafjellet der begge anlegga vil bli synlege frå.

– Fjorden betyr enormt mykje for oss, både som matfat og friluftsområde. Alt det vil forsvinna viss me får to svære anlegg her. Me vil bevara det urørt, seier Husebø.

Han er uroa for både forureining og støy.

– Det vil gå ut over livskvaliteten min, med bråk frå fôranlegg, arbeidsbåtar, brønnbåtar og hydraulikkpumper på anlegga.

– Enorme utslepp

Til saman kan dei to anlegga få ein produksjonskapasitet på 7800 tonn.

Ruben Oddekalv viser til at anlegga, ifølge Miljødirektoratets tommelfingerregel, vil gi utslepp som svarar til utsleppa frå 100.000 menneske rett ut i fjorden der.

– Det gir enorme mengder fiskeavføring og fôr-restar som legg seg på botnen og kveler alt liv. Tida med fritt utslepp må vera forbi. Det finst tilgjengeleg teknologi for lukka oppdrettsanlegg, så det bør vera det einaste alternativet.

– Men er det ikkje betre å flytta frå dårleg til god gjennomstrøyming?

– Det er som i gamle dagar, då fabrikkane bygde høgare piper i staden for å redusera utsleppa. Sjølv om oppdrettsanlegg slepp på større djup, blir det berre spreidd over eit større område. Dei slår saman to små til eit dobbelt så stort punktutslepp, og me veit at også på 600 meters djup samlar det seg skit på botnen.