Hopp til innhold

Vil du skru av FM-nettet?

Klokka 11.11 onsdag 21. juni er det definitivt slutt for NRK på FM-radio i Sogn og Fjordane. Vil du vere den som skrur det av?

Erlend Blaalid Oldeide

KLARE TIL Å TRYKKE: Programleiarane Erlend Blaalid Oldeide og Tone Merete Lillesvangstu håpar mange kjenner seg kalla til å trykke på knappen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I staden for at ein kjendis eller fylkesordføraren gjer det, skal ein heilt vanleg lyttar få oppdraget, seier Tone Merete Lillesvangstu, som skal vere programleiar for ekstrasendinga i NRK Sogn og Fjordane mellom klokka 10.30 og 12 denne historiske dagen.

– Vi er ute etter ein eller ei som set litt ekstra pris på radio og som har den som selskap både til frukost og elles, seier ho.

Av/på-kanpp

SYMBOLSK AV-KNAPP: Denne gamle av/på-knappen symboliserer sløkkinga av FM-nettet. Men når det blir alvor den 21. juni, er det ikkje denne museumsgjenstanden det skal trykkast på.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei som meiner at dette passar akkurat for dei kan sende ei tekstmelding til 1987 med kodeord sf, eller ein e-post til sf@nrk.no, eller ringe på 57724242.

– Skriv nokre få korte setningar om kva radioen betyr for deg og kvifor du har lyst til å vere her når FM-nettet blir skrudd av, seier Erlend Blaalid Oldeide.

Ein føresetnad er at dei det gjeld har høve til å vere med i studio på NRK Sogn og Fjordane i Førde i det aktuelle tidsrommet mellom klokka 10.30 og 12.00 den 21. juni.