Hopp til innhold

Veitastrondi skal få god DAB-dekning

Veitastrendingane har klaga over det dei kallar elendig DAB-dekning. No er det klart at NRK skal setje opp ein ny sendar som vil gje god dekning for alle NRK-kanalar.

Veitastrond

FÅR DEKNING: I dag er det dårleg DAB-dekning på Veitastrondi, men med ny sendar skal ting bli betre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette var ei skikkeleg gladmelding å få, seier leiar i Veitastrondi bygdelag, Asbjørn Nes. Han er ein av dei som har engasjert seg i saka.

Frå 21. juni er det digitalradio som gjeld her i fylket, og NRK sluttar å sende sine kanalar på det gamle FM-nettet. Nokre stader er ikkje DAB-dekninga så god som folk er vant til.

– Vi er småforbanna, sa bygdelagsleiar Nes for eit par veker sidan.

Les også: Provoserte over elendig DAB-dekning

Skal setje opp ny sendar

No er det klart at Nes og dei irriterte sambygdingane hans har blitt bønhøyrde. NRK har bestemt seg for å sikre god dekning på Veitastrondi, og det skal skje i løpet av sommaren. Om alt klaffar kan det til og med vere klart før FM-nettet forsvinn 21. juni.

– Vi skal prøve så godt vi kan å få sendaren opp før sløkkedato. Det skal uansett ikkje gå mange dagane før han er på plass, seier distribusjonssjef i NRK, Petter Hox.

Hox fortel at dei er heilt avhengige av slike tilbakemeldingar frå folk som ikkje har god nok dekning, slik at dei veit kor dei må gjere utbetringar.

– Vi har jo forsøkt å kartleggje kvar dekninga er god, men vi er også prisgitt slike tilbakemeldingar som desse som kom frå Veitastrondi. Det er veldig bra at folk seier ifrå.

Asbjørn Nes

NØGD: Asbjørn Nes er strålande fornøgd med at det no blir DAB-dekning på Veitastrondi.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Og Asbjørn Nes seier at han er særleg imponert over kor kort tid det har gått før det kom ei avklaring.

– Stundom lyt ein jo vente både vinter og vår før ein får svar på ting ein klagar på. Her har det kome ei avklaring veldig raskt, og det er veldig gledeleg.

Kvifor er det så viktig for dykk å ha god DAB-dekning?

– Det seier seg vel nesten sjølv. Vi høyrer på radio overalt, og det hadde vore veldig trasig om vi ikkje skulle få inn radio i det heile her i bygda, seier Nes.