Hopp til innhold

Vil byggje ut sjukehuset for 1,5 milliardar

Spesielt psykiatrien vil få eit løft om styret i Helse Førde får gjennomføre planane om ei storstila utbygging av sentralsjukehuset i Førde.

Førde sentralsjukehus

TI ÅR: Om ting går etter planen kan det ombygde og påbygde sentralsjukehuset stå klart om ti år, håpar styreleiar Jorunn Ringstad.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

På styremøtet i dag vart det bestemt at ein skal gå vidare med planane om ei utbygging. Desse inneber opprusting og ombygging av det eksisterande sjukehusbygget, i tillegg til eit nybygg der barne- og vaksenpsykiatrien vert samla. Det samla prislappen er på rett over 1,5 milliardar kroner.

Styreleiar Jorunn Ringstad seier dette blir viktig for å ruste sjukehuset for framtida.

– Dette vil gjere at vi får eit moderne bygg. Det blir eit lite sjukehus i forhold til det vi ser andre stader, men vi vil få eit moderne bygg der vi får samla alle funksjonane som høyrer til sentralsjukehusfunksjonane, seier Ringstad.

Vil samle psykiatritilboda

Same dag som helseminister Bent Høie la fram ein nasjonal helse- og sjukehusplan som skal stake ut kursen for sjukehusa i Norge i åra framover, fatta styret i Helse Førde eit vedtak for framtida for det største sjukehuset i Sogn og Fjordane.

Jorunn Ringstad

EIT LØFT: Styreleiar Jorunn Ringstad seier ei utbygging vil vere eit viktig løft for heile helseføretaket.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

No går saka vidare til Helse Vest der den også skal styrehandsamast, og om alt går etter planen blir den send vidare til departementet som lånesøknad. Av den samla kostnaden på 1,52 milliardar kroner, er 1,1 milliard tenkt som låneopptak.

Styreleiar Jorunn Ringstad seier utbygginga er omfattande, og vil gje eit viktig løft for Helse Førde.

– Det mest omfattande er utbygging av barne- og vaksenpsykiatrien. I dag er desse tilboda spreidde på ulike stader i Førde, og no vil vi ha det samla på ein stad, seier ho.

– I tillegg er det eksisterande bygget byrja bli så gamalt at det ikkje stettar alle krav som gjeld i dag. Vi har ein del tekniske installasjonar som byrjar gå ut på dato, så det er ein del slike mindre prosjekt også, legg ho til.

Dagens psykiatriske klinikk skal også gjerast om til administrasjon og sjukehotell.

Styret i Helse Førde går inn for å byggje ut sentralsjukehuset i Førde for 1,5 milliardar kroner. I tillegg til ombygging og utbygging av eksisterande bygget, skal det byggast eit nybygg til psykiatrien.

SJUKEHUSET FOR FRAMTIDA: Slik ser Helse Førde føre seg at sentralsjukehuset i Førde skal sjå ut i framtida. Videoen er laga av Norconsult.

– Viktig for framtida

Ringstad håpar at utbygginga er ferdig på i underkant av ti år.

– Er dette også viktig å få til med tanke på seinare rundar med diskusjonar om nedlegging og fjerning av funksjonar?

– Får vi eit moderne bygg der vi kan drive framtidsretta sjukehustenester, så er det klart at det vil vere eit pluss for framtida. Også når vi tenkjer på kva tilbod vi skal ha i fylket i åra framover, seier styreleiaren.