Hopp til innhold

- Helse Førde kan smuldre opp

Dersom pasientar i Nordfjord reiser til Volda for å få behandling, kan Helse Førde smuldre opp, meiner professor.

Nordfjord sjukehus

FÆRRE TILBOD: Både ortopedien og fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus er vedteke nedlagt. Mange vil truleg velje å reise til Volda, og ikkje Førde, for å få behandling.

Foto: NRK

– Ein pasientstraum frå Nordfjord sjukehus til Volda kan føre til at Helse Førde smuldrar opp, seier professor i sjukehusøkonomi, Inger Johanne Pettersen.

Mindre inn og meir ut

Pasienttilbodet ved Nordfjord sjukehus er bygd kraftig ned den siste tida. Det ortopediske tilbodet er til dømes allereie historie og fødetilbodet vil bli nedlagt om kort tid.

Dette betyr at nordfjordingane får lenger veg til sjukehus, og med langt kortare reisetid til Volda enn til Førde, vil truleg mange reise nordover for å få naudsynt behandling.

For Helse Førde bil det bety større kostnader og mindre inntekter.

– Eit helseføretak som får færre pasientar får reduserte inntekter. Samtidig vil Helse Vest måtte betale for at pasientane skal bli behandla ved eit anna regionalt helseføretak, seier Pettersen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Volda sjukehus

HIT OG IKKJE TIL FØRDE: Dersom mange pasientar reiser til Volda, og ikkje Førde, vil det føre til ekstrautgifter for Helse Førde.

Foto: Helse Sunnmøre

– Vanskeleg å bøte på

Ho meiner ein slik situasjon også vil medføre dårleg utnytting av kapasiteten og lite effektiv drift i Helse Førde.

– Eit relativt lite helseføretak som Helse Førde, vil ha liten sjanse til å redusere kostnadene tilsvarande tal på reduserte pasientbehandlingar.

– Vil dette i verste fall kunne føre til at Helse Førde raknar?

– Det vil vere avhengig av om Helse Førde er i stand til å redusere kostnadene tilsvarande dei inntektene vi snakkar om, seier Pettersen.

Helse Førde er ikkje uroa

Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, fryktar på si side ikkje noko pasientflukt til sjukehuset i Volda.

– Så langt har ikkje Helse Førde merka dei store endringane når det gjeld gjestepasientar ut av helseføretaket.

– Fryktar du at det kan bli ein sterk flaum av pasientar ut av Helse Førde?

– Vi ser ikkje tendensar til det i dag. Og eg ser ikkje noko grunn til å gå med frykt inn i framtida, seier Ringstad.