Hopp til innhold

Berre ein av ti direktørar i Helse Førde er kvinner

Helse Førde slit med å få kvinnelege søkjarar. For tolv år sidan kom kravet til 40 prosent kvinner i styrer, men lite har skjedd.

Jon Bolstad

BEKLAGELEG: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, meiner det er beklageleg at Helse førde ikkje har fleire kvinnelege direktørar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Det synast vi er svært beklageleg, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Det er over tolv år sidan kravet om 40 prosent kvinner i styrer kom. Næringsminister Monica Mæland (H) er skuffa over kor få kvinner det er i offentlege leiarposisjonar.

Har prøvd å rekruttere kvinner

I Helse Førde er det berre ti prosent av dei ti klinikkdirektørane kvinner. Bolstad hevdar dei har prøvd å rekruttere kvinner inn til klinikkdirektørjobb, utan å lukkast.

– Vi tek av og til kontakt og seier at her har vi ei stillingsannonse. Ryktebørsen har kanskje fortalt oss at her er det nokre dugande kvinner, noko vi har mange av i Sogn og Fjordane. Men frå å seie at her er annonsen til at dei faktisk søkjer er terskelen ganske høg, seier han.

Kvifor det er slik er Bolstad usikker på. Men han meiner kvinner utgjer ein viktig del av ei leiargruppe, og hadde sett at fleire søkte på utlyste stillingar.

– Dei kvinnene som vi har og har hatt tidlegare i systemet har gjort ein utmerka jobb. I ei leiargruppe så er det sundt, godt og flott og ha begge kjønn representert. Eg meiner at ein ikkje skal tru at ein må vere dobbelt så god som ein mann for å søkje, fortel han.

Krevjande å få kvinner til å søkje

Herlof Nilsen

IKKJE OPPTEKEN AV PROSENT: Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen, er ikkje oppteken av prosentsatsar, men meiner det er viktig at kvinner er god representert.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dei fire helseføretaka i Helse Vest har ulik inndeling av direktørar, men både Helse Fonna og Helse Bergen har 44 prosent kvinner i sjefsstolane sine.

Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen, vedgår at det er svært krevjande å få kvinner til å søkje dei øvste toppjobbane, noko som gjev dei utfordringar.

– Vi jobba heile tida med å få ein større kvinnedel. Eg er mindre oppteken av om vi er på den eine prosentsatsen eller den andre, men eg trur det er viktig at kvinner er godt representert. Det gjev eit betre avgjerdsgrunnlag, seier Nilsen