Hopp til innhold

Slik kjem dei knalltøffe kutta til å ramme deg

Lista over kva som må kuttast for at fylkeskommunen skal nå innsparinga på 224 millionar kroner dei kommande fem åra, er lang.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

SMERTEFULLT: Fylkesrådmann Tore Eriksen legg ikkje skjul på at fylket er på veg inn i ein smertefull prosess.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 224 millionar kroner mindre i inntekter om fem år, viss regjeringa får gjennomslag for sitt nye inntektssystem for fylkeskommunane.

Fylkesrådmann Tore Eriksen har sett på kva kutt som bør gjerast. Finansutvalet skal sjå på kuttlista onsdag. Eriksen legg ikkje skjul på at det ligg tøffe tak framfor både politikarar og innbyggjarar i fylket.

– Det blir veldig krevjande. I det dokumentet som vi har lagt ut til finansutvalet sitt møte i morgon, har vi skrive at dette er den mest krevjande økonomiplanen vi går inn i fylkeskommunens moderne historie. Det seier vel det meste, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Bygg og veg:

Slik fylkesrådmannen ser det, bør følgjande investeringsløyvingar i vedtekne investeringsprogram for bygg og veg reverserast:

  • Avsette midlar til ombygging, rehabilitering og sikring av bygningsmassen.
  • Oppgradering av tannklinikkar.
  • Fellesmagasin for musea – her bør heile investeringa takast ut, gir reduserte investeringar i perioden fram til 2018 med 90 mill.
  • Gulating visingssenter – heile investeringa bør takast ut, noko som samla gjev reduserte investeringar med 21 mill.
  • Olden-Innvik – attståande investering utgjer 410 millionar kroner i 2013-kroner. Her må det takast omsyn til at ein får rentekompensasjon for veginvesteringar på inntil 139 millionar kroner årleg. Ved å ta prosjektet ut i planperioden vil dei samla investeringsrammene på veg komme under dette nivået.

Skulebruksplanen:

Fylkesrådmannen meiner større investeringar for utviding av areal bør leggjast på vent. Det gjeld:

  • Nybygg på Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo, til verkstadhall og bygg- og anleggsteknikk.
  • Nybygg ved Øyrane vidaregåande skule til deler av teknikk og industriell produksjon, vg2 transport og logistikk og vg2 ambulansefag.
  • Nybygg ved Hafstad vidaregåande skule til studiespesialisering med formgjeving.
  • Når det gjeld byggjetrinn II ved Sogndal vidaregåande skule, meiner fylkesrådmannen at areal knytt til restaurant og matfag bør leggjast på vent, medan nybygg for studiespesialisering må gå som planlagt.
  • Dette vil gje ei innsparing i kostnadsoverslaget på prosjektet i storleiksorden 16,5 millionar kroner, og ein tilsvarande reduksjon i budsjetterte kapitalutgifter på 1,4 millionar kroner.
  • Av dei 224 millionane legg fylkesrådmannen opp til at opplæringssektoren må ta 88 av dei. Det ligg dermed an til ny gjennomgang av skulebruksplanen, og dermed også moglege skulekutt.

Politisk styring:

Fylkestinget er i dag på 39 medlemmer. Fylkesrådmannen stiller spørsmål om ein på politisk side kan greie ut ein modell basert på 31 medlemmer, noko som ville gi ei innsparing på fire millionar kroner i høve dagens nivå.

Eigedom:

Fylkeskommunen eig ti tenestebustadar på Leikanger. Fem av desse kan seljast, noko som kan gi ein netto salsvinst på mellom fem og 7,5 millionar kroner.

Tannhelsesektoren:

Fylkeskommunen kan yte eit forsvarleg tilbod innan tannhelsa med færre klinikkar enn i dag.

Ein kan leggje ned 16 klinikkar og dermed redusere tenesta til eit minimum ved at berre dei lovpålagde pasientgruppene vert prioriterte og at ein gjennomfører ei vesentleg sentralisering av klinikkar og større einingar.

Men det vil bety redusert bemanning, inga inntening, vanskeleg å rekruttere og stabilisere tannlegar når dei ikkje får behandle vaksne betalande pasientar. Dette vil også gi ein kostnadsauke på skyssutgifter.

Her kan ein på kort sikt spare ein million kroner, og på lang sikt 20 millionar kroner.

Bokbåten:

Den gjeldande avtalen for bokbåten går ut 31. august 2014. Ved å avvikle denne, er innsparingspotensialet 0,3 millionar kroner i 2015 og 0,6 millionar kroner på årsbasis frå 2016.

Olden-Innvik:

Fylkesrådmannen tilrår at siste parsell på fylkesveg 60 Olden-Innvik vert teken ut av økonomiplanen.

Bakgrunnen for dette er vedtaket i fylkestinget: Dersom fylkesveg 60 i Sogn og Fjordane gjennom KVU-prosessen for E39 mellom Skei og Ålesund vert valt som trasé for E39 eller som ein arm til E39, må det føreliggje ei bindande avtale med samferdsledepartementet om refusjon av utbyggingskostnadane for strekninga Ugla-Olden før investeringa vert sett i gang. Arbeidet ver ikkje starta opp før regjeringa har gjort vedtak om framtidig trasé for E39 Skei-Ålesund.

Høyangertunnelen – stoppa anbod:

Fylkesrådmannen finn det rett å stoppe anbodet på Høyangertunnelen. Kostnadsoverslaget er oppe i 208 millionar kroner, og det er føresett at utbetringa skal finansierast innanfor vedlikehaldsmidlane på driftsbudsjettet i 2015 og 2016.

Fylkesrådmannen meiner det ikkje er forsvarleg å setje i gang dette prosjektet og binde opp så store ressursar på driftsbudsjettet på kort sikt.

Musea i Sogn og Fjordane:

I samband med arbeidet med budsjett 2014/økonomiplan 2014–2017 vart det sett eit tak på fylkeskommunen sitt tilskot til Musea i Sogn og Fjordane på 25 prosent av det offentlege tilskotet.

I dette ligg at ein ber kommunane gå inn med samla sett 15 prosent. Staten sin del er som før inntil 60 prosent.

Fylkesrådmannen har følgt opp vedtaket ved formelt sett å seie opp gjeldande avtale med kommunane og musea, og i møte med Musea i Sogn og Fjordane utfordra dei til å gjennomføre forhandlingar med kommunane om ny fordelingsavtale.

Engebø – avtalar i samband med eventuell rutilutvinning:

Fylkesrådmannen har ved fleire høve orientert om fylkeskommunen sine forpliktingar ved ei eventuell rutilutvinning i Engebøfjellet i Naustdal.

Fylkeskommunen har inngått to avtalar i 2011, ein med Nordic Mining om utbetring av fylkesveg til 55 millionar kroner, samt avtale med Nordic Mining og Naustdal og Askvoll om inkubatoraktivitet på 15 millionar kroner.

Desse avtalane er ikkje tidsavgrensa, noko som i praksis betyr at dei forpliktar fylkeskommunen viss rutilutvinninga vert sett i gang.
Fylkesrådmannen tilrår at ein forsøkjer å komme i dialog med avtalepartane for å få ei tidsavgrensing.

Har sett opp ti bod

Eriksen har sett opp ei liste over ti bod over kva som vert viktigast når politikarane skal vedta tiltak for å nå kutt-målet på 224 millionar kroner.

– Vi har ikkje rangert dei ti boda. Punkt ein er at vi er til for innbyggjarane. Vi må heile tida ha det i bakhovudet når vi jobbar, både politisk og administrativt. Vi må ikkje vere for opptekne av oss sjølve, vi må vere opptekne av dei som skal ta imot tenestene våre, seier Eriksen.

Her er Eriksens ti bod:
1. Innbyggjarane sitt beste må heile tida ha stor merksemd.
2. Respekt for tilsette.
3. Følgje gjeldande lover og forskrifter.
4. Oppgåver kan vere lovpålagde, men sjeldan måten vi løyser dei på.
5. Tilstrekkeleg konsekvensutgreiing.
6. Planleggje og budsjettere realistisk.
7. Ostehøvelen er ikkje kraftig nok.
8. Brems og framleis litt gass.
9. Sikre rett og nok kompetanse.
10. Betring av eksterne rammevilkår.

Trasig med Olden-Innvik

At det no ser ut til at den siste parsellen på fylkesveg 60 Olden-Innvik ikkje vert ferdigstilt, likar fylkesrådmannen dårleg.

– Eg tykkjer det er veldig trasig, sidan mykje av vegen er ferdig, og vegen er blitt så fin som han har blitt. Det er eit avgrensa parti som står att, men likevel er det snakk om 400 millionar kroner, seier Eriksen.

Han meiner problemstillinga politikarane må sjå på er korleis ein skal handtere dette i ein situasjon når regjeringa har bestemt at E39 skal følgje den same traseen, men komme nokre år seinare.

– Det er ikkje utan vidare enkelt at fylkeskommunen går inn og gjer ei slik satsing utan at ein får ein avtale med staten som sikrar at vi får att delar av beløpet på eit seinare tidspunkt.

Må redusere talet på tannklinikkar

Ved å kutte 16 tannklinikkar, kan fylkeskommunen komme ned på eit absolutt minimum, såkalla kjernenivå.

– Det handlar om å avgrense den offentlege tannhelsetenesta til å berre gjelde det såkalla frie klientellet. Det vil seie born og unge, og einskilde mindre grupper som har krav på fri behandling, seier Eriksen.

Men det vil bety at ein ikkje klarar å stabilisere tannlegar og det personalet som ein elles treng for å betene sektoren.

– Men vi må redusere talet på klinikkar noko, og det ligg i dette dokumentet at vi må starte ein prosess, seier Eriksen.

Vil bety meir reising

Men han legg til at dette er noko han føreslår med tungt hjarte.

– Det er smertefullt. Det dreier seg om velferdstenester som folk både har bruk for og krav på. Det er ikkje hyggjeleg å komme med denne typen framlegg, seier Eriksen.

Han legg til at dersom ein skal spare pengar på dette feltet, så vil det bety at tilbodet vert sentralisert.

– Det vil utløyse meir reising for barn og ungdom, og dei som elles treng offentleg tannhelseteneste. Vi forstår at det er problematisk, men er vi i ein tvangssituasjon, så er vi kanskje der, seier Eriksen.

Må sjå kva som kan gjerast for 100 mill.

Høyangertunnelen har vore på agendaen lenge, og behovet for opprusting er stort. Men anbodet er no stoppa.

– Det har lege eit politisk vedtak om at den skal rustast opp for 208 millionar kroner. Det er eit veldig stort beløp, og det anbodet som har vore under arbeid, har vi førebels stoppa, i påvente av finansutvalet sitt møte i morgon, seier Eriksen.

– Det vi har sagt til Vegvesenet er at dei bør vurdere kva dei kan få til med 100 millionar kroner, slik at vi kan spare ein del midlar der, seier Eriksen.

Stettar ikkje dagens krav

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, tykkjer det er trist at Høyangertunnelen ikkje ligg an til å få den oppgraderinga som ein hadde trudd.

– Det tykkjer eg er svært trist. Det er ikkje meir enn nokre veker sidan at det vart presentert som ei gladnyheit i Høyanger at tunnelen skulle få ei etterlengta oppgradering, seier Sortland.

Petter Sortland

TRIST: Høyanger-ordførar Petter Sortland er budd på tøffe tider.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han peikar på at den 7,5 kilometer lange tunnelen, som vart bygd i 1982, ikkje stettar krava for å vere ein trygg tunnel per i dag.

– I tillegg til oppgraderinga på vel 200 millionar, ville ein også leggje åtte millionar i potten for å få på plass digitalt naudnett og linjeframføring til DAB. Vi var veldig glade for dette, men no ser vi at fylkeskommunalt armod vil gå ut over mykje, seier Sortland.

Fryktar skulekutt

Kuttprosessen i fylkeskommunen kan også komme til å ende med nye skulekutt, og Sortland er realistisk med tanke på kva som kan komme.

– Eg er ingen rakettforskar, men eg ser ikkje for meg at vi er dei som ligg sist i køen for kutt der heller, så dette går ut over den type kommunar som kanskje hadde hatt behov for litt ekstra draghjelp. Vi får berre stålsetje oss og sjå kva som kjem, og så får vi ta kampane der vi kan, seier Sortland.

Ytterlegare fall i inntektene

Konsesjonskraftinntektene vart i eit arbeidsdokument nedjusterte med frå åtte til 13 millionar kroner årleg i perioden 2015 til 2018.

Den nye prognosen er basert på marknadsprisar per 30. april i år, og syner eit ytterlegare behov for å nedjusterte inntektene. Fylkesrådmannen tilrår at den nye prognosen vert innarbeidd i det økonomiske opplegget.

– Det som er problemet er at Fjord1 for tida ikkje gir utbytte, og i SFE risikerer vi lågare utbyte i tida framover fordi kraftprisane fell og fordi ein også er pålagt store utbyggingar på nettsida. Vi vil kunne oppleve eit monaleg fall i dei lokale inntektene, og det vil komme i tillegg til det vi no opplever at regjering og storting legg opp til, seier Eriksen.

Det som går på utbytte og realisering av verdiar, unnateke det offentlege.

– Det kan eg ikkje seie så mykje om. Men det seier seg sjølv at dersom fylkeskommunen eig verdiar, og vel å realisere dei, så vil ein kunne få inn pengar. Mitt utgangspunkt no er at dersom det blir realisert verdiar, så må dei brukast til å sanere gjeld, seier Eriksen.

Klarar ikkje handtere gjelda

Gjeldsgraden til fylket uroar fylkesrådmannen. I tillegg til dei kutta som må gjerast, må det også finnast pengar for å betale ned gjelda til fylkeskommunen tidlegare.

– Slik der ser ut no, har vi ei gjeld som vi ikkje ser ut til å kunne handtere. Ei rettleiande norm frå staten er at ein kommune si gjeld ikkje bør overstige 75 prosent av nivået på dei årlege inntektene. Viss vår økonomiplan skulle bli gjennomført, så vil vi passere 100 prosent, og det vil vi ikkje kunne handtere, seier Eriksen.

Han peikar på at renta også kan komme til å stige, før eller seinare.

– Det vil føre til at kostnadane med å ha denne gjelda, vil auke, seier Eriksen.

Han ønskjer difor at ein skal finne pengar til å redusere lånegjelda i fylket.

– I tillegg må vi avgrense investeringane meir enn det økonomiplanen legg opp til. Det er heilt naudsynt for at ikkje gjelda skal auke slik som økonomiplanen legg opp til, seier Eriksen.

Vil tilsetje fleire for å seie opp fleire

I arbeidsplanen vert det lagt opp til behov for ekstra administrative ressursar i utgreiingsarbeidet. Ifølgje fylkesrådmannen kan det såleis bli ei aktuell problemstilling å auke opp dei administrative ressursane i ein periode for å kunne gjennomføre innsparingar på lang sikt.

Altså at ein må tilsette fleire folk for å seie opp fleire folk.

Fylkeskommunen hadde i 2013 samla utgifter til lønn og sosiale utgifter på 894 millionar kroner, noko som utgjer 33 prosent av brutto driftsutgifter.

Ein reduksjon i fellesinntekter på 229 millionar kroner vil medføre ein reduksjon på 75 millionar kroner i lønnskostnadar per år, dersom lønnsbudsjettet skal ta sin del. Det svarar til om lag 100 til 150 årsverk.

– Det er ganske vanleg i organisasjonar som må omstille seg kraftig, at ein må styrke eit eller anna sentralt ledd for å få dette til, seier Eriksen.