Hopp til innhold

Vik var kristent kraftsentrum

Tidlege kristne impulsar og rike bønder gjorde Vik til eit kristent kraftsentrum i vikingtida.

Fyrsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergen, Alf Tore Hommedal og professor Liv Helga Dommasnes

KRAFTSENTRUM: Alf Tore Hommedal og Liv Helga Dommasnes meiner Vik var eit kristent kraftsentrum i vikingetida.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I den vesle bygda langs Sognefjorden gjorde arkeologane sist veke eit oppsiktsvekkjande gravfunn. Ei støypeform for ein kristen kross er berre endå eit teikn på dei sterke og tidlege religiøse impulsane i bygda.

Forskarar meiner nemleg at Vik har vore eit viktig religiøst kraftsentrum i mellomalderen.

– Her ser vi ein gravhag frå den perioden som vi kallar yngre romartid. Det er frå då av vi byrjar å så verkeleg mange spor etter folk her i Vik, fortel professor Liv Helga Dommasnes.

Senter for mektige rikfolk

Når professoren fortel dette står ho og ser ut over eit av dei største gravhaugfelta på Vestlandet. Ni mektige haugar ligg framme på kanten av ein elveterasse eit stykke inne i vikjabygda.

Gravhaugane fortel ei historie om ei jordbruksbygd som frå gamalt av har vore eit senter for mektige rikfolk, fortel professoren ved Universitetet i Bergen.

– For det første var dette ei mektig investering, og for det andre så handla det om å ta kontroll over bygda.

– Når byggjearbeidet gjekk føre seg meir eller mindre kontinuerleg i 100 år, så sette det sitt preg på bygda. Alle som budde der nede såg opp på det som gjekk føre seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gravfunn av vevlodd med støypeform av ein kristen kross

SPESIELT: Funnet av eit vevlodd med eit støypeform av ein kristen kross er svært spesielt og kan ha innverknad på korleis historia vår blir skriven.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Har to kyrkjer

Det var altså eliten som fekk reist gravhaugane på Hove i perioden 200 til 400 år etter Kristus. Rikfolka slo rot i bygda, og i dei neste tusen åra skulle dei kome til å reise fleire mektige monument – over seg sjølv, og over kristendommen.

– Viss vi går fram til kristen tid, så har vi dei synlege monumenta som står i dag, nemleg dei to mellomalderkyrkjene, fortel fyrsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergen, Alf Tore Hommedal.

Frå der han står ved gravhaugane, kan han mot sør sjå steinkyrkja på Hove og vest i bygda stavkyrkja på Hopperstad, begge bygde på 1100-talet.

– Vi skal hugse på at Vik er den einaste bygda i Norge, sett vekk frå Gran på Hadeland, som har bevart to mellomalderkyrkjer, seier Hommedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hove steinkyrkje

FØRSTE AV SITT SLAG: Hove steinkyrkje var den fyrste i sitt slag som blei reist i Sogn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Eit maktsymbol

Hove steinkyrkje var den fyrste i sitt slag som blei reist i Sogn. Forskarane trur det var ein rik hovding som bygde gudshuset – i fint tilhogga kleberstein.

– Dette fortel noko om dei økonomiske moglegheitene, og det er rett og slett eit maktsymbol.

– Kyrkja er også i eit nytt byggjemateriale, og den handverksmessige kvaliteten på arbeidet som er gjort, gjer at Hove-kyrkje, slik den er no, viser fram det fremste av handverk frå norsk høgmellomalder, seier han.

Dei to mellomalderkyrkjene i Vik har i snart 900 år ruva som monument over eit kristent kraftsentrum. Sist veke gjorde arkeologar eit nytt funn i sentrum av bygda som òg kan bli eit viktig symbol for kristninga ikkje berre av Vik, men av Norge.

Funn kan endre historia

I ei heidensk grav grov arkeologane fram eit vevlodd i kleberstein. Der var det rissa inn ein kross.

Eit uvanleg teikn på tidleg kristning som kan få innverknad på korleis historia blir skriven, sa prosjektleiar Leif Inge Åstveit ved Universitetsmuseet i Bergen.

– Dette enkeltfunnet er heilt klart noko som kjem til å bli brukt i diskusjonen framover om kristninga av Norge. Dette er ei støypeform, og det viser at det har gått føre seg produksjon av kristne symbol her på eit tidleg tidspunkt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Eit oppsiktsvekkjande arkeologisk funn i Vik i Sogn kastar nytt lys over historia om kristninga av Norge. Ein kross rissa inn i kleberstein fortel om sterke kristne impulsar lenger før Norge blei omvendt til kristendommen.

NYTT LYS: Funnet i Vik vil truleg bli brukt i diskusjonen om kor tid Norge vart kristna.

– Eit samfunn av kristne?

Funnet av krossen, som kan vere frå år 900, fortel om sterke kristne impulsar i Vik lenge før Norge blei omvendt til kristendommen. Mange vikjer som har vore med på vikingferder, må ha fått kunnskap om den nye religionen, som dei har teke med tilbake, meiner professor Dommasnes.

– Vi har jo vitnemål om at dei har reist veldig mykje. På Hopperstad har vi mange importsaker i gravene.

Åstveit meinte at krossen blei brukt til å støype kristne symbol. Det har gjort fagfolka oppglødde.

– Eg synst dette er veldig interessant. Det er veldig spennande at vi faktisk har funne eit kristent symbol i det som etter alt å dømme har vore eit heidensk gravanlegg, seier Dommasnes.

– Viss dei hadde behov for å støype kristne krossar i stort opplag, då må jo det igjen bety at det har vore fleire kristne i området, og at kristne aktivitetar var så bra organisert at ein har hatt behov for ein jamn tilgang på kristne symbol.

– For å setje det litt på spissen, kanskje dei hadde eit lite samfunn av kristne?

Hopperstad stavkyrkje i Vik

EI AV TO: Vik er den einaste staden i Norge, med unntak av Gran på Hadeland, der det er bevart to kyrkjer frå mellomalderen. Her ser vi Hopperstad stavkyrkje.

Foto: Ottar Starheim / NRK