Hopp til innhold

Arkeologar fann gamle hus i Sogndal

Arkeologar har funne spor av fleire tusen år gamle hus i Fosshagen i Sogndal, det skriv Sogn avis laurdag.

Arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen er midt inne i ein månads lang utgraving, og har so langt funne spor etter to gamle langhus.

Arkeologiske funn i Sogndal er ikkje uvanleg, men prosjektleiar Morten Ramstad seier at dei likevel vart overraska over at funna var so omfattande.

Han fortel at det eldste dyrkingslaget er like gamalt som pyramidane i Egypt.