Hopp til innhold

Denne steinen kan vere med å endre historia

Eit oppsiktsvekkjande arkeologisk gravfunn i Vik i Sogn kastar nytt lys over kristninga av Norge.

Gravfunn av vevlodd med støypeform av ein kristen kross

KAN ENDRE HISTORIA: Funnet av denne støypeforma til ein kristen kross kan vere med å endre historia.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er veldig spennande, seier Leif Inge Åstveit oppglødd om funnet dei gjorde tidlegare i dag.

Åstveit er prosjektleiar for utgravingane som no er i gang i den vesle sognekommunen. Og funna dei har gjort er utan tvil spennande.

Ein kross rissa inn i kleberstein fortel nemleg om sterke kristne impulsar, og det lenge før Norge vart omvendt til kristendommen.

– Dette enkeltfunnet er heilt klart noko som kjem til å bli brukt i diskusjonen framover om kristninga av Norge. Dette er ei støypeform, og det viser at det har gått føre seg produksjon av kristne symbol her på eit tidleg tidspunkt, seier han til NRK.no.

– Uhyre sjeldan

Den djupe Sognefjorden og rike jordbruksområde i Vik lokka kristendommen tidleg til denne vesle bygda. Men funna som er gjort i ei heidensk grav kan tyde på at den kom dit enno tidlegare enn ein har trudd til no.

Den siste tida har arkeologar jobba med å grave ut fleire vikinggraver som har lege mellom 30 og 40 centimeter under det som var eng like ved Vikjatunet.

– Vi har avdekka tre graver frå vikingtida, der vi i ei av dei fann eit vevlodd i kleber som er brukt som støypeform til ein kristen kross.

– Dette er uhyre sjeldan å finne i ei heidensk grav frå vikingtida, seier prosjektleiaren for utgravingane.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Eit oppsiktsvekkjande arkeologisk funn i Vik i Sogn kastar nytt lys over historia om kristninga av Norge. Ein kross rissa inn i kleberstein fortel om sterke kristne impulsar lenger før Norge blei omvendt til kristendommen.

NYTT LYS: Funnet i Vik vil truleg bli brukt i diskusjonen om kor tid Norge vart kristna.

Sjeldan dei kjem over urørte graver som dette

Åstveit har vore i kontakt med andre som jobbar med slike utgravingar, og ingen av dei kjenner til funn som dette.

– Funn som dette er kjent som lausfunn, men ikkje frå ei grav. Det er ei ganske ladd setting, seier Åstveit.

Åstveit seier det er sjeldan at dei får gjere slike utgravingar av graver, og at dei ofte er øydelagde eller plyndra.

– Dette er stort i seg sjølv, og det å gjere eit slik funn er prikken over i-en.

Kvinnegrav

Det sensasjonelle funnet kunne fort blitt vekke for arkeologane. Det var nemleg starta med utbygging på tomta, men denne vart stogga.

– Akkurat her som grava ligg, så var det att ein liten flik med den opphavlege overflata i marka. Når vi avdekka det med maskin såg vi at det var ein mørk oval flekk i bakken, fortel Åstveit.

– Her kom vi ned til ei ganske kraftig steinpakning med sjøbrent stein, det er stein som er brent, forklarar han.

Etter å ha reinsa vekk steinen fann dei tre vevlodd.

– Dette er typisk for ei kvinnegrav frå vikingtida. Vevlodd var noko kvinnene fekk med seg på siste reise.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her vart vevloddet med støypeforma til ein kristen kross funnen i Vik

HER VART DET FUNNE: Det var her vevloddet med støypeforma til ein kristen kross vart funnen i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kan endre historia

På eit av desse vevlodda fann arkeologane det dei er sikre på at er ein kristen kross.

– Det var ei veldig stor overrasking! Vi lurte lenge på om det var ein torshammar, då dei har ein del av dei same elementa, men det er ingen tvil om at det er ein kross, seier Åstveit.

Arkeologane meiner funna kan vere frå før år 900, og set dateringa til mellom 850 og 900. Kristninga av Norge blir vanlegvis knytt til slaget ved Stiklestad i 1030, men funnet som det som er gjort i Vik kan få innverknad for korleis historia vår blir skriven.

– Vi grip på ein måte rett inn i brytingstida mellom heidendom og kristendom. Grava i seg sjølv er eit heidensk symbol, men nærast som ei heilgardering har dei spedd på med litt kristendom, seier Åstveit.

– Etablert tidlegare?

Støypeforma dei har funne meiner han er eit bevis på at det ar blitt støypt og produsert kross i Vik på eit tidleg tidspunkt.

– Det er ikkje berre snakk om objekt dei har fått tak i på plyndringstokt eller som ei handelsvare, men dei har faktisk blitt produsert her.

– Kanskje kan ein då sjå for seg at kristendommen var meir etablert på den tida, og det er veldig interessant, seier Åstveit.

Samtidig er han klar på at dette er eit enkelt funn, og at det berre kan vere noko som er individuelt for akkurat denne grava.

– Det å seie at vi har ein trend i materialet, det er det litt for lite til. Men som sagt, dette ei støypeform, så vi må gå ut frå at det har blitt produsert ein del slike objekt her i Vik. Og det veldig tidleg, om dateringane er slik vi trur dei er, avsluttar han.