Hopp til innhold

Kom over tre vikinggraver frå 800 e. Kr.

I Vik sentrum har arkeologar oppdaga tre vikinggraver som dei no driv og grev ut.

Rypdal Tallaksen

SPENNANDE: Arkeolog Nikolai Rypdal Tallaksen har spennande dagar framfor seg under utgravingane i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er funne tre vikinggraver som har lege 30–40 centimeter under det som var eng like ved Vikjatunet, skriv Sogn Avis.

Utgravingane vert gjort fordi det er planar om eit bustadprosjekt på området, og difor var det krav om at det måtte gjennomførast arkeologiske utgravingar.

No syner det seg at arkeologane kan ha komme over langt meir spennande ting enn ein kanskje trudde.

Er unike graver

– Vi vil få eksakte dateringar på funne, og vi snakkar om vikingtida ein stad mellom 800 og 850 etter Kristus, seier Leif Inge Åstveit som er prosjektleiar for utgravingane i Sæbø i Vik.

Det er tidlegare gjort fleire funn i gravhaugar i Vik, men det som gjer dette funnet unikt er at ein her truleg har funne spor etter vanlege folk som er gravlagde, ikkje dei på toppen av rangstigen.

– I den eine grava har vi funne vevlodd, så det er ei kvinnegrav. I den andre fann vi båtnaglar, seier Åstveit.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arkeologiske utgravingar i Vik

MANGE FUNN: Utgravingane på Sæbø i Vik har gitt arkeologane mykje spennande å forske på.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Opnar den tredje på onsdag

Den tredje grava er ikkje opna endå, og denne skal ha eit gravammer i tilknyting.

– Denne skal opnast onsdag, seier Åstveit.

Arkeologen kallar Vik eit historisk eldorado som har funn attende til jarnalderen og Kristi fødsel.

– Vik var heilt klart eit viktig senter den gongen, og seinare rådde vikinghøvdingane her, seier Åstveit.