Hopp til innhold

Skaparen av denne har vunne pris for sin innsats som bilethoggar

Elena Engelsen som står bak Tigeren på Jernbanetorget er ein av dei som blei heidra med Anders Jahres Kulturpris, onsdag.

Elena Engelsen sin Tiger-statue, som er framfor Oslo Sentralbanestasjon.

Tigeren på Jernbanetorget, utanfor Oslo S.

– Det er heilt overveldande. Heilt utruleg å få ein slik pris, seier bilethoggaren Elena Engelsen, som står bak den kjende Tigerstatuen i hovudstaden. Ho fortel til NRK at ho blir rørt av at arbeidet hennar blir sett.

Målaren Håkon Gullvåg, ein av dei mestseljande norske kunstnarane har også vunne pris. Han og Engelsen er naboar på Ekely:

– Det er svært, denne prisen heng svært høgt og det er kanskje ekstra hyggjeleg å få han i ei unntakstid når verda står litt stille, forklarer Gullvåg.

Målaren blei heilt sett ut då leiaren i prisutvalet, Åse Kleveland ringde han for å gje den gledelege nyheita:

– Prisen er ein slags vaksine mot ei kjensle av å leve forgjeves. Då er ikkje alt forgjeves likevel. Det er ei stor oppmuntring til arbeidet.

Dei som vann Anders Jahres Kulturpris for 2020 og 2021.

Prisvinnarane: F.v. Lise Davidsen, Grete Pedersen, Elena Engelsen, Håkon Gullvåg, Mari Askvik og Ingvild Skaatan.

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

Deler ut 2,6 millionar

På grunn av pandemien blei fjorårets utdeling av Anders Jahres Kulturpris avlyst. Difor blei det delt ut prisar for både 2020 og 2021 under utdelingsseremonien, onsdag.

Anders Jahres Kulturpris er ei æresbelønning for framifrå innsats innan norsk kulturliv.

Årets vinnarar er bilethoggaren Elena Engelsen og biletkunstnaren Håkon Gullvåg.

Vinnarane for 2020 er operasongaren Lise Davidsen, dirigenten Grete Pedersen og Det Norske Solistkor.

Prisen består av ein betydeleg pengesum, ein statuett av bilethoggaren og tidlegare prisvinnar Nils Aas samt eit handkalligrafert diplom. Prisen er den største i norsk kulturliv.

Operasongar Lise Davidsen vinn Anders Jahres Kulturpris.

Operasongaren Lise Davidsen er utdanna ved Grieg akademiet i Bergen og Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København.

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

Lise Davidsen er ein av våre fremste operasongarar. No blir ho heidra med pris for sin framifrå innsats innan operakunsten.

– Det er heilt fantastisk. Ein stor ære rett og slett, seier Lise Davidsen om det å vinne Noreg sin største kulturpris.

Davidsen har tidlegare vunne ei rekke prisar: Frå Dronning Sonja sin Internasjonale Musikkonkurranse i 2015, til Sibeliusprisen i 2020. Seinast i år blei ho utpeikt som årets kvinnelege songar i 2021 i operahuset Bayerische Staatsoper i den tyske byen München.

Prisutvalet er leia av Åse Kleveland og består elles av Bentein Baardson, Svein Olav Hoff, Svein Aaser og Helene Uri.

Operasongaren frå Stokke ser tilbake på dei tidlegare vinnarane.

– Å få lov til å vere ein del av det selskapet, synest eg er ei stor ære altso.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska