I helga valte Statens vegvesen å gjera ende på kunstverket «Awakening», som sidan mars hadde pryda dei karakteristiske buane under Smørsbroen i Bergen. Verket viste ein sovande baby, som var i ferd med å vakna.
Tidlegare har den same etaten måla over eit portrett av tidlegare bergensordførar Hermann Friele under den same brua.
Etter mykje kjeft frå både kunstkjennarar, avismeinarar og politikarar den siste veka, gjer vegvesenet eit forsøk på å komma gatekunsten i møte.
– Til no har me i Bergen hatt ei veldig konsekvens haldning til denne formen for dekorering, om ein kan kalla det for det. No ønskjer me å moderera oss noko, seier seksjonsleiar Arild Hegrenæs i vegvesenet.
Logikken har vore enkel: Alt skal vekk. Uansett.
– Ikkje noko frislepp
Så til endringa:
– Me ser føre oss ei ordning der kunstnarar kan søka om å få dekorera våre veggar, seier seksjonsleiaren.
Så det er ikkje snakk om noko frislepp?
– Me har ikkje tenkt å opna for noko fritt løyve til å måla og grisla på alle våre flater, nei.
Korleis skal de vurdera kven som får sleppa til?
– Me satsar på å ha funne ein måte å gjera dette på i løpet av ein månad, seier Hegrenæs.
– Uaktuelt å be om lov
Det er signaturen AFK som stod bak den sovande babyen under Smørsbroen. NRK møter gatekunstnaren medan han jobbar med eit nytt verk i Sandnes.
Han er lite lysten på å gå med på vilkåra som vegvesenet skisserer, sjølv om han målar på ein godkjend vegg i Sandnes.
– Det er ikkje aktuelt å søka om å mala eit verk i Bergen, seier gatekunstnaren.
Han meiner det bryt mot prinsippa bak gatekunsten å søka om å få måla på offentlege veggar.
– For mange gatekunstnarar er spontanitet og anonymitet viktig. Dette er ein sentral del av kulturen vår. Vegvesenet får ikkje oss til å gje opp dette, seier mannen som ikkje vil visa fram ansiktet framfor kamera.
AFK har tidlegare sagt at han har planar om nye strekar i Bergen.
Kan komma til å måla over på nytt
Seksjonssjefen i Vegvesenet ser helst ikkje at gatekunstnaren prøver seg igjen. Om han ikkje spør om lov først.
– Han må ikkje måla noko nytt utan å gje beskjed til oss, er det kontante svare frå Arild Hegrenæs.
– Eg kan isåfall ikkje garantera at me ikkje ville ha måla over det på nytt.
Seksjonssjefen har ikkje sansen for at gatekunstnarar helst ønskjer å jobba anonymt.
– Om me skal få ei god ordning på dette er me avhengige av at folk kan stå for det dei gjer og ikkje gøymer seg bak hetter og anonymitet, seier Hegrenæs.