Hopp til innhold

Delar av vegarbeidet på Dalsfjord- sambandet blir stogga ei veke til

Vegarbeidet på Dalsfjordsambandet som Vegvesenet stogga denne veka, kan truleg først starte opp igjen om halvanna veke.

Vegbygging på Dalsfjordsambandet

STENGD EI VEKE TIL: Vegvesenet har stogga vegbygginga på 700 meter av ei strekning på seks kilometer på Askvoll-sida av fjorden.

Foto: NRK

Det seier Einar Hovland som er prosjektleiar for Statens vegvesen på Dalsfjordsambandet. Han seier dei no jobbar for å få inn ein geolog som kan gå over området på vegen på nordsida av fjorden.

– Vi vil no få inn ein geolog til å gå over spesielt dei partia som det har rasa ifrå og områda rundt, seier Hovland til NRK.no torsdag føremiddag.

Slo alarm om rasfare

Tysdag kveld vart det klart at Vegvesenet hadde bestemt seg for å stogge vegarbeidet på 700 meter av dei seks kilometerane med veg som skal byggjast ved Eikenes på Askvoll-sida. Bakgrunnen er uromeldingar frå entreprenøren knytt til rasfare.

Ein anleggsleiar på vegen har mellom anna slått alarm i media om rasfaren og sa at dei hadde hatt flaks fleire gonger. Etter fleire ras i området var han uroa for tryggleiken til både arbeidarane og trafikantar på vegen.

– Vi har hatt flaks fleire gonger. Hendingane har vore på vår side, sa Bjørn Tore Årevik i KA Aurstad AS til NRK tidlegare denne veka.

Tok signala på alvor – stengde veg

Entreprenør NCC varsla at dei ville innstille arbeidet fram til Vegvesenet hadde gjort i ny geologisk vurdering av området. På NRK Vestlandsrevyen tysdag sa avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen at dei tek signala på alvor.

– Vi må ta på alvor dei signala som arbeidarane på plassen gir, og følgje dei opp på ein skikkeleg måte, sa Slinde til NRK.no

Ventar på rapport

Hovland som er Statens vegvesen sin prosjektleiar på Dalsfjordsambandet seier det er vanskeleg å seie noko heilt sikkert om kor tid arbeidet med denne delen av vegen kan starte opp att.

Det er i hovudsak to problemområde der det losnar stein frå fjellsida. Årsaka er ifølgje Hovland mykje regn, frost og tele som gjer at steinblokker losnar.

– Vi ventar på rapporten frå geologen slik at vi får vite kva vi bør gjere før vi startar opp att.

– Og kva vi eventuelt må gjere seinare som ei permanent sikring, seier Hovland til NRK.no.

Truleg vil også neste veke gå med til dette arbeidet, noko som vil seie at arbeidet tidlegast kan starte opp att over neste helg.

Meiner tunnel ikkje blir nødvendig

– Fryktar du at tunnel skal bli den einaste løysinga slik enkelte har hevda?

– Nei, desse tilfella vi har hatt på Eikenes no, dei greier vi å sikre ved å sprenge ned det som er laust, seier Hovland.

Både Bjørn Tore Årevik i KA Aurstad AS og geolog Einar Alsaker i Sunnfjord Geosenter har teke til orde for at ein bør byggje tunnel forbi dette området.