Hopp til innhold

Prøvde å stogge intervju om rasfare

Statens vegvesen prøvde å få anleggsleiar Bjørn Tore Årevik til å trekkje eit intervju der han kritiserer Vegvesenet sitt arbeid i samband med Dalsfjordsambandet.

Steinras ved Eikenes

STEINAR I VEGEN: Seinast laurdag kom det ned steinar på den framtidige Dalsfjordvegen.

Foto: Steinar Bauge

Bjørn Tore Årevik i KA Aurstad AS er anleggsleiar på Dalsfjordsambandet og gav måndag eit intervju til NRK der han skildra prosjektet som eit skandaleprosjekt.

– Det er vel eigentleg eit skandaleprosjekt. Eg kan ikkje seie noko anna, sa Årevik mellom anna.

Etter det NRK kjenner til prøvde Statens vegvesen å presse Årevik til å trekkje dette intervjuet.

Slo alarm etter fleire ras

Etter at det har gått fleire ras på det nye vegsambandet valde anleggsleiar Bjørn Tore Årevik i KA Aurstad AS å slå alarm om rasfaren. Seinast sist laurdag gjekk det eit stort steinras i anleggstraseen, på same plass som det like før var stor aktivitet og oppstillingsplass for bilar og maskiner.

Raset er ikkje det første på det nye sambandet som opphavleg var kalkulert til kring 900 millionar kroner. Nyleg tok eit jordras med seg store delar av det nye vegfundamentet i det same området.

Tidlegare har ein tunnel rasa saman. I sommar åtvara geolog Einar Alsaker i Sunnfjord Geosenter mot rasfaren på sambandet som etter planen skal opne i desember 2013.

Får ikkje uttale seg

I intervjuet med NRK i går fortalde Årevik at dei opplevde at dei hadde hatt flaks fleire gonger.

– Vi har hatt flaks fleire gonger. Hendingane har vore på vår side, sa Årevik til NRK måndag.

Også Ove Nordbø, som jobbar med fjellsikring på staden, fryktar rasfaren. Men Statens vegvesen nektar han å uttale seg.

– Eg kan ikkje uttale meg om det som skjer på Dalsfjordsambandet, då må du stille spørsmål til vegvesenet, seier Nordbø og viser til at han har teieplikt.

– Vegvesenet skal uttale seg til media

Einar Kåre Hovland er Statens vegvesen sin prosjektleiar for Dalsfjordsambandet. Han seier det er Vegvesenet, og ikkje representantar frå entreprenørane, som skal uttale seg til media i denne typen saker. Utover det vil han ikkje kommentere saka.

Årevik seier han likevel valde å gå ut i media av omsyn til tryggleiken til arbeidarane og framtidige trafikantar.