Hopp til innhold

Vegvesenet stoggar delar av veg- bygginga på Dalsfjordsambandet

Etter uromeldingar frå entreprenørar har Statens vegvesen bestemt seg for å mellombels stogge arbeidet med delar av tilførselsvegen på nordsida av Dalsfjordsambandet.

Det er forvirring når det gjeld rasfaren på milliardprosjektet Dalsfjordsambandet i Sunnfjord. Ein entreprenør varsla i dag om det han kallar eit farleg og elendig planlagd vegprosjekt.

Fleire ras på det nye vegsambandet på nordsida av Dalsfjordsambandet har ført til at entreprenørar som jobbar med vegen er uroa. Seinast laurdag gjekk det eit ras i anleggstraseen på Eikenes-sida.

NCC har teke kontakt med Vegvesenet og skriv i eit brev at dei vil innstille arbeidet fram til det er laga ei ny geologisk vurdering av dei 700 meterane som utgjer ein del av prosjektet på nordsida.

Dette er delar av vegen som går frå Eikenes ferjekai på nordsida av fjorden og bort mot brufestet.

På NRK Vestlandsrevyen tysdag kveld stadfestar avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen at dei no har fått eit formelt brev der NCC ber om ei ny geologisk vurdering.

– Vi har stogga arbeidet på 700 meter av dei seks kilometerane med veg som er på nordsida inntil vi får ein geolog som gjer ei vurdering av det området, seier Slinde til NRK.no.

Slinde seier Vegvesenet også har fått ei orsaking frå KA Aurstad og NCC for dei utsegna som er kome i media.

– Men vi må ta på alvor dei signala som arbeidarane på plassen gir, og følgje dei opp ein skikkeleg måte, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

STOGGAR ARBEIDET: Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seier dei har bestemt seg for å stogge arbeidet på Eikenes Vest.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Seier vegen blir trygg

– Er det gjort gode nok vurderingar av rasfaren her?

– Vi har diskutert dette på nytt, både med interne og eksterne geologar etter raset i helga. Når alle tiltak som skal gjennomførast er på plass så blir dette ein trygg veg, seier Slinde og held fram.

– Men det er ein utfordrande geologi her, så i byggjeperioden må vi ta på alvor dei signala som entreprenørane kjem med.

Han seier geologar har vore over den aktuelle strekninga både til fots og med helikopter og at dei meiner det er relativt liten rasaktivitet i området.

Ifølgje ein avtale mellom entreprenørane og Statens vegvesen er det berre sistnemnde som har lov til å uttale seg offentleg om utbygginga av vegprosjekt. NCC har difor ikkje ønskt å uttale seg om saka til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras ved Eikenes

NYTT RAS: I helga gjekk det eit nytt ras ved Eikenes, på det som skal bli vegen fram til Dalsfjordbrua.

Foto: Steinar Bauge

Slo alarm om rasfaren

Anleggsleiaren i KA Aurstad AS, som også jobbar med denne delen av vegsambandet på nordsida av fjorden, har slått alarm om rasfaren på vegstrekninga. Bjørn Tore Årevik sa i eit intervju med NRK måndag at dei har hatt flaks fleire gonger, og skildra det som eit skandaleprosjekt.

Dette intervjuet skal Statens vegvesen freista å stogge, og viser til at det er Vegvesenet, og ikkje entreprenørar som skal uttale seg til media i slike saker.

Årevik seier han likevel valde å gå ut i media av omsyn til tryggleiken til arbeidarane og framtidige trafikantar.