Hopp til innhold

Sterkt kritisk til Statens vegvesen

Gunnar Bodahl-Johansen ved Institutt for journalistikk rettar kritikk mot Statens vegvesen etter at dei prøvde å hindre ein anleggsleiar å slå alarm om rasfare på Dalsfjordsambandet.

Gunnar Bodahl-Johansen, IJ

KRITISK: Gunnar Bodahl-Johansen er kritisk til at Statens vegvesen prøvde å stogge eit intervju om rasfaren på Dalsfjordsambandet.

Foto: Rune Petter Ness, Ness, Rune Petter

Bjørn Tore Årevik hos KA Aurstad er anleggsleiar på det mykje omtala Dalsfjordsambandet, og slo tysdag alarm om stor rasfare på veganlegget.

Dette intervjuet prøvde Statens vegvesen å stogge.

– Det er uhøyrt av Statens vegvesen å leggje lokk på informasjon som i aller høgaste grad har interesse for offentlegheita, seier Gunnar Bodahl-Johansen ved Institutt for journalistikk.

Fryktar ny Kjøsnesfjord

Årevik påpeika at berre flaks har gjort at liv ikkje har gått tapt under anleggsarbeidet. Han meiner at større delar av sambandet må leggjast i tunnel. Laurdag rasa store mengder stein ned på vegen ved Eikenes.

Tidlegare har også ein tunnel rasa saman og eit jordras tok nyleg med seg store delar av det nye vegfundamentet i same området.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Det er forvirring når det gjeld rasfaren på milliardprosjektet Dalsfjordsambandet i Sunnfjord. Ein entreprenør varsla i dag om det han kallar eit farleg og elendig planlagd vegprosjekt.

SJÅ TV-SAK: Uvisse kring rasfaren på ny veg.

Geolog Einar Alsaker sa i sommar at han fryktar at sambandet kalkulert til kring 900 millionar kroner kan bli ein ny Kjøsnesfjord.

– Der var bygd ein veg som viste seg å ha store problem med steinsprang og skred, sa han.

Viser til kontrakt

Bodahl-Johansen meiner det er ille at Statens vegvesen prøver å stogge denne type informasjon og frykt hos dei som arbeider på anlegget. Reaksjonen hans byggjer på det avdelingsingeniør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, sa til NRK Sogn og Fjordane onsdag morgon.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

INGENIØR: Nils Magne Slinde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ifølgje Slinde er det kontraktfesta at entreprenørane ikkje skal uttale seg om vegprosjekta. Av omsyn til anleggsarbeidarane valde Årvik likevel å ta opp rasfaren i media.

KA Aurstad er underentreprenør til NCC som fekk oppdrag i å byggje veg- og tunnelprosjektet som knyt saman kommunane Askvoll og Fjaler.

– I kontrakten mellom byggherre og entreprenør, er det slik at det er byggherren som skal uttale seg til media i ulike saker. Det gjeld alle byggeprosjekt i Norge generelt. Det veit både NCC og Aurstad om, difor orsakar dei det som kom fram, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras ved Eikenes

STEINRAS: Det kom laurdag ned fleire steinar på Dalsfjordvegen, berre nokre få meter innanfor bommen til veganlegget på Eikenes.

Foto: Steinar Bauge

Stogga vegarbeid

Slinde presiserer at dei tek på alvor alle signal frå dei som jobbar i området. Tysdag vart anleggsarbeidet på ei kring 700 meter lang strekkje stogga til ein geolog har gjort nye vurderingar av området.

Det er uvisst kor lenge det blir opphald i anleggsarbeidet.

– Vil ikkje avfeie, men følgjer opp både det kontraktsmessige mot entreprenøren og dei reelle HMS-utfordringar i høve til dei som jobbar på prosjektet, seier Slinde.

Uvisst om følgjer

– Får dette følgjer for dei som kom har kome med uttale?

– Vi held oss til vår entreprenør og dei vedtekter som er i kontrakten. Kva dei gjer, legg ikkje vi oss borti, seier Slinde.

– Er det slik at det er ein person som har teke opp ting som er heilt naudsynte, så bør ein vere glad for at det skjer og ikkje straffe vedkommande, seier Bodahl-Johansen.