Hopp til innhold

Våt sommar øydelegg maten til dyra

Graset rotnar på rot. Ingar Horstad står i fare for å måtte slakte dyr til hausten. Bønder i store delar av landet slit med ein endelaus våt sommar.

Bonden trasker gjennom fjøset

SEINT: Storfebonden treng godvêr om han skal ha nok fôr til dyra til vinteren.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Med 180 dyr som skal mettast gjennom vinteren, og ein dårleg førsteslått er Ingar Horstad uroa for kva som ventar mot hausten.

I sommar har regnet har bøtta ned og bøane er so blaute at det ikkje er mogleg å køyre traktoren ut på markane for å ta andreslåtten.

– Det er litt fortvilande, her skulle vore slått for lenge sidan, seier Horstad.

Den våte sommaren har skapt problem for bønder i Vest-, Midt- og Nord-Noreg.

Les også Bønder fortviler: Maten til dyrene har begynt å råtne

Mye regn skaper utfordringer for bønder på Helgeland.

Heller ikkje førsteslåtten blei som Horstad ønska. Då gjorde vêret at han måtte ta inn graset for tidleg og det blei enno viktigare at bonden skulle få ein betre andreslått.

Men fjorten dagar etter at bonden helst skulle fått inn foret, står graset framleis på bøen. Utsiktene for vinteren ser dystre ut.

– Eg må rekne på det men eg ser føre meg at eg må slakte litt dyr allereie no for å vere litt i forkant, seier han.

Ikkje noko stabilt høgtrykk i vente

Meteorologane har sendt ut farevarsel på nedbør i Midt-Noreg dei komande dagane, der delar av regnet vil treffe vestlandsbøndene.

– Vi ser at det skal bli langt varmare i neste veke, det skal bli meir opphaldsvêr og meir sol, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

Då vil varm luft frå Sør-Europa flytte seg opp mot Sør-Noreg. Men det er ikkje noko stabilt høgtrykk i sikte på langtidsprognosane fortel meteorologen.

– So bøndene må stå klare til neste veke det er då sjansen er, seier Fagerli.

Gulnar ved rota

ROTNAR: Det byrjar å haste med å få inn graset for bonden i Naustedalen.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Kan sjå langt etter slåtten

I Sunnfjord er Oddgeir Kvamsås enno ikkje i mål med førsteslåtten. Det blei altfor blautt for maskinene og han måtte avbryte.

– Det er farleg oppi bakkane når det er vått, seier han.

I Angedalen står slåttemaskina framleis og samlar støv

SAMLAR STØV: I Angedalen står slåttemaskina til Oddgeir Kvamsås og samlar støv. Bonden må kjøpe fôr og kraftfôr for å halde oppe produksjonen.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Førsteslåtten til Jacob Flatjord og mange av bøndene i Stardalen fekk og ein hard start på sesongen.

Snømugg øydela slåtten på våren og våte bøar gjer det håplaust å bruke tungt utstyr på markane. No ventar han på betre tider for å få inn graset i haust.

– Me kan sjå langt etter å få inn graset no, seier Flatjord.

Dei flate bøane gjer at vatnet vert liggande og dei treng ei lengre periode med opphaldsvêr for å få inn graset utan å øydelegge både gras og markar fortel bonden.

Les også Denne soppen har øydelagt graset til bøndene

Snømugg i Stardalen

Enkelte er hardt råka

– Det uroar meg langt inni sjela, seier Felde om bøndene som tel på knappane om dei må sende dyr til slakt i mangel på for.

Enkelte område og enkelte bønder er hardt råka, fortel leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde og viser til store geografiske variasjonar.

Felde ser sjølv på vêrmeldinga og håper på ei vêrluke så bøndene kan få inn graset.

Samla sett trur han at det er nok fôr i område men håper at det framleis er mogleg for mange bønder å få andreslåtten i hus.

– Elles er vi like dritleie møkkavêret som alle andre, so vi treng ein liten opptur, seier han.