Jacob Flatjord står og ser ut over bøane på garden sin.
Snøen smelta og våren kom, men graset som skulle spira blei borte.
– Det var rett og slett ei kake av daudt gras. Det låg som eit kvitt teppe over nesten heile jordet.
Bøane til Jacob Flatjord er prega av snømugg.
Foto: Benedikte GrovOver 1000 mål øydelagt
Flatjord er bonde i Stardalen i Jølster i Sunnfjord. Som bonde har han vand med at han ikkje kan styra kva naturen gir han. Han må ta det han får.
Og denne våren har han fått jorda si øydelagt av snømugg. Heile den elles så grøderike dalen er kraftig råka.
– Snømugg er ein vanleg overvintringssopp som er i jorda, seier Lena Abel, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving.
Ho forklarer at snømugg kan drepa gras i løpet av vinteren. Stort sett gjer snømugg skade på små ubetydelege flekkar, men soppen kan òg øydeleggja store areal.
Det er det som har skjedd. Abel anslår at over 1000 mål er øydelagt.
Det er tydeleg skilnad på dei friske, grøne områda, og områda som har hatt snømugg.
Foto: Oddvin ØygardI fjor førte ein varm sommar til at det framleis vaks mykje utover hausten. Så kom det mykje nedbør, samtidig som det var mildt. Då vart plantene svekka, fordi dei stod med røtene i vatn.
Då snøen kom la han seg på telefri jord.
– Det gjorde at snømuggen hadde veldig gode vekstvilkår, seier Abel.
Lena Abel er rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving. Ho seier Stardalen er hardt råka.
Foto: Benedikte GrovLite fôr til dyra
Graset vil ikkje gro på bøane der snømuggen har vakse. Løysinga er å fornya jorda.
– Me må snu jorda opp ved å pløya, harva og så, seier Flatjord.
Der det var ein del grønt gras, har han freista å få liv i det ved å så, men utan hell. Flatjord har reparert og snudd opp om lag halvparten av garden.
Konsekvensen for bøndene i Stardalen er at heile førsteslåtten blir borte.
– Me må venta til august når dei nye spirene kjem opp. Då får me berre ei avling, i motsetnad til to eller kanskje også ei tredje.
Slik har jorda sett ut.
Foto: Lena AbelDet betyr at det blir for lite fôr til dyra. Totalt sett blir det dyrt når så mykje snømugg har vore på besøk.
– Det er ein veldig stor kostnad å fornya så mykje areal, seier Abel. Flatjord peikar på at det blir utgifter til innkjøp av frø, jordarbeid som krev mykje diesel, og at han må kjøpa fôr til dyra.
Han er likevel optimistisk.
– Alle bønder er optimistar. Me er vande til at me må spela på naturen, seier han.
– Ein av bøndene her skildra at det såg ut som eit flatbrød som ein kunne ha løfta opp, seier Lena Abel.
Foto: Lena AbelKjende ikkje til snømugg
Tidlegare har det vore flekkvise tilfelle av snømugg i Stardalen, men aldri i ein slik skala som dette.
– Me visste ikkje kva det var for noko, så det var litt av grunnen til at me fekk på plass ekspertise som kunne fortelja oss i klare ordlag kva som hadde ramma oss.
Abel stadfestar at Stardalen er hardt råka.
– Me har sett snømugg fleire stader, men ikkje slik som her i år, seier ho.
Det er ikkje så mykje ein kan gjera i forkant for å hindra snømuggen i å veksa. Bøndene i Stardalen har fått ein dårleg start på våren og sommaren, men Flatjord har tru på at det byrjar å veksa att.
– Me må vera optimistar. Me har ein del att av sommaren enno, så me kan håpa at det rettar seg ein del, seier han.
Mange bøar i Stardalen er prega av snømuggen.
Foto: Benedikte Grov