Hopp til innhold

Varslar klimakamp mot fylket

Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet dei grøne varslar full protest mot klimapolitikken til fylkeskommunen. – Me vurderer å stemme imot heile klimaplanen fordi den er for dårleg, seier Tom Skauge frå SV.

Noregs lengste buss

AKSJONSPOLITIKK: Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet dei grøne varslar protest mot klimapolitikken til fylkeskommunen. Tom Skauge meiner auke i bussprisane er uakseptabelt.

Foto: Hordaland fylkeskommune

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Tom Skauge

AKSJONSPOLITIKK: Tom Skauge i Sosialistisk Venstreparti varslar protest mot klimapolitikken til fylkeskommunen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Klimaplanen manglar finansiering, og den forpliktar seg ikkje nok på dei områda som fylkeskommunen faktisk kan gjere noko med, nemleg kollektivtrafikken, seier Tom Skauge frå SV.

Onsdag skal klimaplanen behandlast i fylkestinget. Normalt betyr det eit samrøystes vedtak, men etter budsjettvedtak om ei kraftig prisauke for bussbillettane, har dei to partia fått nok.

– Me har nettopp sett opp prisane på buss, og det på ein måte som er heilt uakseptabelt, seier Skauge.

– Eit signal til dei andre partia

Fleirtal for køprising, forlenging av trolleybussnettet og fleirtal for grønare kollektivtransport er nokre av ultimatuma dei to minste partia i fylkespolitikken stiller for å støtta klimaplanen.

Tidlegare har partia røysta for planen, sjølv om dei ikkje har fått fleirtal for eigne forslag. No varslar Tom Skauge ein ny tone.

– Eg håpar det er eit signal både til dei andre partia og til veljarane, seier han.

– Er du einig i at dette kan sjåast på som litt tabloid aksjonspolitikk?

– Absolutt. Det er nettopp det dette er. Det er meininga at ein av og til må seie at nok er nok, seier Skauge.

– Eit slag i lufta

Tom Christer Nilsen

SLAG I LUFTA: Fylkesordførar Tom Christer Nilsen (H) meiner aksjonsforma til Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet dei grøne er useriøs.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Fylkesordførar Tom Christer Nilsen frå Høgre meiner aksjonsforma til dei to partia står fram som useriøs.

– Det blir litt eit slag i lufta når fire representantar seier dei vil stemme imot klimaplanen, for det ligg mange tiltak i klimaplanen som vil vera positivt for klima, seier Nilsen.

– Det ligg klare og tydelege målsetningar på reduserte klimautslepp, og når dei stemmer imot klimaplanen så er dei også imot det, legg han til.

Tysdag vedtok fylkestinget å auka minstetaksten i kollektivtrafikken med 13 prosent.