Hopp til innhold

Fritt fram for valkamp på sosiale medium på valdagen

Det er ingen lover som seier at det ikkje er lov å driva valkamp rett i lomma di der du står inne i vallokalet. «Eit problem», seier valanalytikar.

Reglane er klare og tradisjonen står sterkt i Noreg. Ein driv ikkje tradisjonell valkamp på sjølve valdagen.

I vallova står det at det er ulovleg å driva valkamp i sjølve stemmelokalet. På valdagen 11. september er det heller ikkje lov å prøva å sanka veljarar i romma som du må gå gjennom for å koma til sjølve stemmelokalet.

Det har også vore kultur for å tona ned valkampen etter at stemmelokala opnar på valdagen.

Men i sosiale medium er det fritt fram, også på den store dagen. Lova seier ingenting om det er lov eller ikkje å annonsera på Facebook, Instagram eller andre sosiale nettverk den dagen det er val.

Er det greit å driva valkamp i sosiale medium på valdagen?

– Ei demokratisk utfordring

I samband med førre stortingsval blei det etterlyst reglar for digital valkamp, men lite har skjedd.

I 2021-valet følgde analysebyrået Analyse & Tall med på valkampen på Facebook og andre sosiale medium.

På valdagen såg dei hundrevis av politiske annonsar som var aktive.

– Det er urovekkande. Det er ei reel demokratisk utfordring me har i Norge som me ikkje har handtert, seier Håvard Lundberg.

Han er analytikar i Analyse & Tall, som driv med mellom anna analysar av demokrati og sosiale medium.

Håvard Lundberg i Analyse & tall

Håvard Lundberg i Analyse & Tall

Foto: Magent/Colin Eick

l lova står det at det ikkje er lov å driva politisk agitasjon i vallokalet på valdagen.

Men når alle har heile verda tilgjengeleg i lomma, også inne i sjølve stemmebåsen, møter dagens samfunn ei lov tilpassa tida før Facebook, meiner Lundberg.

– Det er openbert at lova vart laga i ei anna tid. Det har vore store endringar på kort tid som me ikkje har teke stilling til, seier Lundberg.

– Teknologiutviklinga stiller oss ovanfor mange nye dilemma. Me har behov for at dei politiske partia blir samde om korleis sosiale medium skal brukast i valkampen.

– Eg ser ikkje problemet

Lundberg får ikkje støtte av statsvitar Dag Arne Christensen, som mellom anna var medlem av vallov-utvalet, som i 2020 leverte sitt forslag til ny vallov i Norge.

Dag Arne Christensen

Dag Arne Christensen i NORCE

Foto: Rokkansenteret

Han ser ikkje på det som eit problem at det blir drive valkamp på sosiale medium på valdagen.

– Dette er jo noko folk sjølv opnar på telefonen sin. Heile poenget med eit val er å kunne føra valkamp, seier Christensen, og held fram.

– Forsking viser at ein del folk er usikre heilt til slutten. Valkamp handlar jo om å påverka og få fram eit bodskap som folk anten går for eller ikkje går for, seier han.

Dette svarar partia

Så, kan du forventa å sjå valkamp-innlegg i feeden din den 11. september?

Ja.

NRK har sendt e-post til dei ni partia på Stortinget (utanom lista Pasientfokus) med spørsmål om korleis dei stiller seg til valkamp i sosiale medium på valdagen, om dei kjøpte annonsar på valdagen i 2021 og om dei skal gjera det same i år.

I hovudsak går eitt svar att: «Det er greitt, og me kjem til å driva valkamp i sosiale medium på valdagen».

Svara kan du lesa her:

Etterlyser avklaring

– Men har ikkje folk eit val sjølv? Kan dei ikkje berre droppa å sjå på annonsane rett før dei skal stemma?

Jo, absolutt, seier Lundberg i Analyse & Tall, og held fram:

– Eg veit ikkje om dette er eit stort problem, men eg tenker det er viktig at me tek diskusjonen og snakkar om kva rolle sosiale medium spelar i demokratiet vårt. Det trur eg vil styrka tilliten til valgjennomføringa og til demokratiet, seier han.

Les også: Pengegåver i valkampen blir ikkje rapportert 

Pengestøtte i valkampen blir ikkje rapportert
Pengestøtte i valkampen blir ikkje rapportert