– Me vil ikkje ha omkamp om kven som driv eldreomsorga. Dette stel for mykje merksemd frå både politikarar og andre. Me vil heller ha diskusjon om innhaldet, seier Renate Møgster Klepsvik, Frp sin førstekandidat i Austevoll kommune.
Øykommunen har i lang tid vore landskjent for mange millionærar.
I 2013 vart kommunen også landskjent, då dei som første distriktskommune i Noreg privatiserte all eldreomsorg.
I spissen stod Framstegspartiet og dåverande ordførar Helge André Njåstad.
Austevoll kommune vart kjent då dei privatiserte all eldreomsorg. Her er Anne-Cecilie Kaltenborn, administrerande direktør, NHO Service og Handel (midten) på omvising hos dåverande ordførar Helge André Njåstad og dåverande Aleris-sjef Iren Storebø Melingen i 2018.
Foto: Jon Bolstad / NRKBåde Høgre og Frp er samde
Men etter kommunevalet i 2019 vart det endring i eldreomsorga.
Med Høgre-ordførar Morten Storebø i spissen vart det private tilbodet skrota og teke tilbake til kommunen
Høgreordførar Morten Storebø er nøgd med dei grepa kommunen har teke etter valet i 2019.
For no har dei nærmast fått eit luksusproblem.
– Sjå her, eit rom som står tomt, seier han, medan han viser fram eit av dei 16 ledige romma på pleie- og omsorgssenteret.
I eitt innlegg i avisa Marsteinen skriv Austevoll-rådmann Bjarte Madsen at tida med stort press på pleie- og omsorgssenteret er forbi.
Renate Møgster Klepsvik er Frp sin ordførarkandidat i Austevoll kommune.
Foto: Olav Røli / NRKVerken Høgre eller Frp i Austevoll vil tilbake til private igjen.
– Det er viktig at det er stabilitet for dei tilsette også, seier Møgster Klepsvik.
I begge partia sine sentrale partiprogram heiter det private og ideelle aktørar i større grad må driva eldreomsorg i norske kommunar.
Morten Storebø (H) har vore ordførar sidan 2015, men tek ikkje attval. Han meiner eldreomsorga er god i kommunen.
Foto: Olav Røli / NRKGodt nøgd med tilbodet
Talet på sjukeheimsplassar i Austevoll er no redusert frå 52 til 36.
I staden er fleire flytta over til omsorgsbustader med heildøgns omsorg, kalla omsorg +.
– Det er betryggande at me har kapasitet til å møta utfordringane i framtida. At det har vore lite snakk om eldreomsorg i valkampen tolkar eg som eit godt teikn, seier Storebø.
16 rom står i dag ledige for dei som treng sjukeheimsplass.
Foto: Olav Røli / NRKTo av dei som no bur på omsorgssenteret er Odd Hansen (93) og Tor Eide (84).
Dei skryt begge av tilbodet dei har fått.
– Eg innsåg til sjuande og sist at eg ikkje lenger kunne bu heime, og at eg måtte ha hjelp. No bur eg her og har det veldig bra, seier Eide.
Tor Eide (84) budde heime i eiga hus. Men skjønte at han ikkje kunne det lenger. No bur han i omsorgsbustadar på Austevoll.
Foto: Olav Røli / NRKDen tidlegare fiskaren Odd Hansen frå Karlsøy i Troms meiner Austevoll er ein god kommune å verta gamal i.
– Mange eldre i andre kommunar har det ikkje godt, seier han.
Odd Hansen (93) meiner eldre innbyggjarar i Austevoll har det bra.
Foto: Olav Røli / NRKSjef i både privat og offentleg regi
Iren Storebø Melingen er pleie- og omsorgssjef i Austevoll kommune.
Ho var også sjef då private tidlegare dreiv.
– Oppgåvene er dei same, sjølv om det er kommunale eller private som driv. Hovudmålsetjinga er å gje gode tenester til brukarane, seier ho.
Samstundes er ho klar på at det var skilnadar.
– Aleris /Stendi var ein profesjonell arbeidssgjevar som vi lærte mykje av. Likevel opplevde storparten av dei tilsette det som positivt å komma tilbake til kommunen. Dessutan er kommunen no i førarsetet når det gjeld all planlegging av eldreomsorga. Tidlegare var alt rigga i ei langsiktig kontrakt, fortel ho.
Iren Storebø Melingen er pleie- og omsorgssjef i Austevoll kommune. Ho meiner kommunen no er rigga til å ta i mot mange eldre i åra som kjem.
Foto: Olav Røli / NRKHar hatt god sjukeheimsdekning
At ein kommune har mange ledige sjukeheimsplassar er meir eit unnatak i Noreg.
– Som regel er det motsett, seier professor Oddvar Førland ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Samstundes peikar han på at Austevoll har hatt veldig god sjukeheimsdekning, og at det er forklaring på at talet kan reduserast.
Mange kommunar har gjort som Austevoll, erstatta sjukeheimsplassar med ulike typar omsorgsbustadar.
Trass i at talet på eldre over 80 år har auka dei siste åra, og kjem til å dobla seg fram til 2040, har talet på sjukeheimsplassar i Noreg gått ned frå 2018, syner statistikk frå SSB.
– Eit tankekors, seier Førland.
Han meiner sjukeheimar er det einaste tilbodet som er godt nok for eldre med særleg omfattande og komplekse pleie- og helseutfordringar.
Her budde tidlegare eldre. No står det tomt i påvente av eldrebølgen.
Foto: Olav Røli / NRK– Mange kjem til eit punkt på slutten av livet der dei treng hjelp til å få i seg mat og drikke, til å vaska seg, og i tillegg til avansert helsehjelp, palliativ behandling. Då er sjukeheimar som oftast det einaste forsvarlege tilbodet, seier Førland.
Austevoll-ordførar Morten Storebø er også klar over at deira omsorgsbustader ikkje passar for alle. Spesielt ikkje for dei med store helseutfordringar.
– Samstundes er det ikkje alle som treng plass i institusjon. Det såg me her i Austevoll, forklarar han.
Det er mange ledige rom for dei som treng sjukeheimsplass i Austevoll. Samstundes ventar dei stor auke i behovet frå 2025 og framover.
Foto: Olav Røli / NRK