Hopp til innhold

Vinden tok overbygg – trefte fleire parkerte bilar

Kraftig vind og uvêr skapar utfordringar i Sør-Noreg. – Det er ufyseleg vêr i dag, seier statsmeteorologen.

Sam Eyde skule, Arendal

UVÊR: Fire biler som sto parkert ved Sam Eyde skule har fått skader, opplyser politiet.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Uveret som er på veg innover til Noreg fører til store problem søndag formiddag. Fleire ferjer er innstilte og ein rekke vegar og bruer er blitt stengde.

I Arendal har dei kraftige vindane ført til at overbygget på ein skule bles ned og trefte fire bilar. Samstundes er fleire tusen i Viken, Vestfold og Telemark råka av straumbrot.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel fleire stader på Sør- og Austlandet.

Ferjar innstilt

Skal ein mellom Aust- og Vestlandet er truleg Filefjell no det sikraste alternativet.

Administrerande direktør i Bastø Fosen seier at tilhøva over Oslofjorden gjer at også dei innstiller sine avgangar mellom Moss og Horten.

– Det er veldig mykje vind, og den er aukande. Mykje bølgjer og kastevind gjer at skipsførarane meiner det ikkje er forsvarleg å trafikkere fjorden, seier han.

Color Line innstiller alle avgangar mellom Noreg og Danmark.

Ferjene ligg til kai iHorten

INNSTILT: Det er kraftig vind frå sør på Austlandet. Her frå kaien i Horten der ferja til Moss har måtte melde pass.

Foto: Robert Hansen / NRK

Veret skapar også trøbbel for flytrafikken. Fem SAS-fly har måttet snu så langt i dag, skriv Dagbladet.

Bjørn Ove Pedersen skulle bare trene, og parkerte bilen på Sam Eyde skole i Arendal. Så blåste deler av skoletaket ned. FOTO: Pål Tegnander

Bjørn Ove Pedersen skulle bare trene, og parkerte bilen på Sam Eyde skole i Arendal. Så blåste deler av skoletaket ned. FOTO: Pål Tegnander

Straumbrot

Fleire stader i landet meldast det om problem med straumtilgangen som følge av uveret. I Vestfold og Telemark vart åtte kommunar råka og på eit tidspunkt var 2380 husstandar utan straum.

I straumleverandøren Elvias dekningsområde i Viken-området og Østfold, vart 1.618 kundar utan straum rundt klokka 13.

I Nordre Follo vart 322 husstandar råka. Ifølge Elvia skyldas straumbrotane vind og trefall.

Kraftig vind på Austlandet

Sjølv om vinden var på det sterkaste i natt, med full storm, vil den prege søndagen i Sør-Noreg. På Vestlandet melder både Norled og Fjord1 om innstilte og forseinka ferjesamband.

Hemsedalsfjellet 9. februar 2020

TRØBBEL: Det er kraftig vind og nedbør i fjellet i Sør-Noreg, slik som på Hemsedalsfjellet.

Foto: Webkamera / Statens Vegvesen

– Søndag er gjerne ein bra turdag, men i dag trur eg folk berre skal avlyse turen og halde seg mest innandørs, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Geir Ottar Fagerlid

UFYSELEG: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid rår folk til å halde seg innandørs i dag. – Om ein ikkje kan droppe turen, følg i alle fall med å veg- og vêrmeldingar, seier han.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– I natt målte dei 35 sekundmeter ved Kråkenes og 33 sekundmeter ved Feidje. No regnar det også godt på Vest- og Sørlandet og nedbøren trekkjer austafjells, seier Fagerlid og legg til at dei no har sendt varsel om kraftige vindkast på Austlandet.

Toppen er venta i 13-tida og vinden vil då halde seg stabil utover ettermiddag før den roer seg til kvelden.

– Vindkasta kan kome opp i 25 meter i sekundet, spesielt i utsette område der sønnavinden tek godt.

Norhordlandsbrua er stengt

Karmsund bru

LOSNA: Vinden er ugunstig på Karmøy og politiet ber folk vise aktsemd når dei skal over Karmsund bru. Her har ein presenning losna.

Foto: Tor Andre Johannessen

Frå Vest politidistrikt får NRK opplyst at vinden ikkje har ført til stor skade, utover nokre tre som har velta. I Åsane skal eit tre ha velta over ein parkert bil.

I Rogaland ber politiet folk vise aktsemd når dei køyrer over Karmsund bru. Her har ein presenning losna og flagrar i vegbana. Også her har fleire tre velta.

Norhordlandsbrua er stengt

TRAFIKKAOS: Nordhordlandsbrua som går over Salhusfjorden/Osterfjorden er delvis stengt.

Foto: Tove Løvold / Tipser

Norhordlandsbrua er delvis stengt på grunn av gjenstandar i vegbanen og arbeid på brua, melder Vegtrafikksentralen på Twitter.

I Arendal drog naudetatane ut til Sam Eyde vidaregåande skule etter meldingar om at deler av overbygget har losna.

Fire bilar som sto parkerte ved skulen har fått skadar, opplyser politiet. Det er ikkje meldt som personskadar.

Laster Twitter-innhold

Farevarsel

Stormen gjer at det er fleire farevarsel ute. Frå Agder til Hordaland er det gult farevarsel om nedbør med opp mot 80 millimeter på 12 timar. Det er også gult farevarsel for snøfokk.

Snøskredfare på raudt nivå for Voss, Hardanger og Heiane. For det meste av resten av Sør-Noreg er faregraden på oransje.

Laster Twitter-innhold

Roar seg til kvelden

– Det blir nok tidleg kveld før vinden roar seg, seier Hanne Norheim hos Vegtrafikksentralen i Bergen.

Dei som skal ut over fjellovergangane bør sjekke om vegen er open før ein set seg i bilen. Køyrer ein, så må ein vere budde på å møte stengde vegar eller kolonnekøyring.

– Må ein ut å køyre no, så må ein nok det. Dersom ein heller kan sitje i ro i ei hytte eller stove, så er det nok det betre, seier Norheim.

Måndag kveld vil ein for alvor merke vinterens største lågtrykk, og det kan bli rekordhøg vasstand.

Status for fjellovergangane i Sør-Noreg (søndag kl. 11.30)

  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Somme stader redusert sikt. Klokka 05.30 var det -2 grader, frisk bris og snø.
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Rv7 Hardangervidda: Stengt på grunn av uvêr.
  • Rv13 Vikafjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Ny vurdering måndag kl. 10.
  • Rv15 Strynefjellet: Ope, men kan bli stengt på kort varsel. Klokka 06 var det -1 grad, sørvestleg sterk kuling og snø.
  • Rv52 Hemsedalsfjellet: Stengt for køyretøy med totalvekt under 7,5 tonn. Kolonnekøyring for køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn.
  • Fv27 Venabygdsfjellet: Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering måndag kl. 06.
  • Fv37 Rauland – Møsvatn: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring på grunn av uver. Store køyretøy må ha kjettingar.
  • Fv53 Tyin-Årdal: Snø- og isdekke. Kan bli stengt på kort varsel. Klokka 05.30 var det -3 grader, stiv kuling og snø.