Fleire stader langs kysten har ein allereie fått kjenne følgjene av stormsenteret som i Storbritannia har fått namnet «Ciara».
Måndag kveld vil ein for alvor merke vinterens største lågtrykk.
– Vi kan få ein vasstand som vi aldri før har sett, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Rekordmålingar i Vest
No har meteorologane allereie ute gult varsel for vasstand frå svenskegrensa til Agder. Men derifrå til Grense Jakobselv er varselet oransje.
Søndag reknar meteorologen det som 95 prosent sikkert at varselet for måndag kveld blir heva til raudt. Då snakkar ein ekstremvêr.
Då kan det altså kome rekordmålingar fleire stader langs kysten. Dei høgaste sør for Stad.
– I Bergen er 240 centimeter i 1990 høgaste verdi nokon gong. Prognosen no ligg kanskje fem til ti centimeter over det, seier Fagerlid.
– Det blir raudt nivå
Lenger nord på Vestlandet registrerte Måløy 282 centimeter over normalen i 1993. Til samanlikning målte vasstanden 276 centimeter då «Didrik» trefte 15. januar.
Prognosen for måndag viser 290 centimeter.
KAN BLI REKORDMÅLINGAR: – I Bergen er 240 centimeter i 1990 høgaste verdi nokon gong. Prognosen no ligg kanskje fem til ti centimeter over det, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRKDer høg vasstand kan skape problem, blir folk oppmoda om å ta forholdsreglar alt i helga.
– Det kan kome endringar i vêr og lufttrykk som har betydning for 10–20 centimeter, men eg trur likevel at vi kjem på raudt nivå, seier Fagerlid.
Fylkesmannen i Vestland har sendt varselet til alle kommunar og naudetatar med oppmoding om å følgje med på situasjonen.
– Vi følgjer med på det som skjer og vurderer situasjonen deretter, seier beredskapsrådgjevar hos Fylkesmannen i Vestland, Sondre Lekve Bjelle.
«Ciara» i England
Årsaka er eit spesielt stort stormsenter som no ligg like vest for Island. Ein kraftig jetstraum frå vest forsterkar lågtrykket, og gjer det veldig stort. Det strekkjer seg frå vestsida av Grønland i vest, til Russland i aust.
Senteret har eit trykk på kring 930 hektopascal.
– Det er lågt for å vere nord i Atlanterhavet, seier Fagerlid.
Kraftig vind
– Det har byrja å blåse veldig i Storbritannia, men også land som Frankrike, Benelux-landa, Tyskland, Danmark og Sverige vil få veldig kraftig vind dei neste dagane, held han fram.
Fleire stader i Noreg er ein allereie byrja å merke følgjene av lågtrykket. Det blir kraftig vind, store nedbørsmengder og snøskredfare dei neste dagane.
Sjølv om også Austlandet vil merke vinden godt, slepp Noreg billegare unna lågtrykket enn ein har gjort tidlegare i vinter.
– Men i natt vil det blåse sørleg full storm på Vestlandet, og kanskje kortvarig orkan ved Stad. I indre strok blir det lokale vindkast der sønnavinden tek, seier han.