Hopp til innhold

Raudt stormflovarsel: No kjem ekstremvêret «Elsa»

– Har du ting i strandsona som kan ta skade, så bør ein gjere tiltak og prøve å avgrense skadane, oppmodar statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

Høg vasstand

ELSA: Meteorologane har sendt ekstremvêrvarsel for kysten frå Agder til Kristiansund.

Foto: Meteorologisk Institutt

  • Saka er oppdatert med meir presis årsakssamanheng.

Det er venta ekstremt høg vasstand langs store delar av kysten frå måndag ettermiddag til tysdag ettermiddag. Frå svenskegrensa til Agder blir varselet heva frå gult til oransje nivå.

Frå Agder til Kristiansund er varselet no heva frå oransje til raudt. Med ekstremmålingar i vente, har vêret fått namnet «Elsa».

Kriterier for vasstandsvarsel
Foto: Skjermdump / met.nbo

– Varselet er så sikkert at dei som har sete på gjerdet, bør hoppe ned og gjere tiltak, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Bur seg

I Måløy i Kinn kommune førbur teknisk vakt Ingvald Tennebø seg søndag kveld. Han følgjer med på pumpestasjonane som er utsette ved høg vasstand.

Teknisk vakt Ingvald Tennebø i Kinn

BUR SEG PÅ HØG VASSTAND: Teknisk vakt i Kinn kommune Ingvald Tennebø følgjer med på pumpestasjonane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Her er mykje vatn, både overvatn og kloakk i same røyr. Så lenge det regnar mykje og det kjem inn høg flo slit vi med at pumpene greier å ta unna, seier Tennebø.

Rekordar i vente

Vasstanden er venta å stå godt over nivået for «Didrik» i midten av januar. Då trengde sjøvatn mellom anna inn i rådhus og butikk i Måløy. I kveld skal tilsette i teknisk etat i Kinn møtest for å vurdere situasjonen rundt «Elsa». Om nødvendig, vil dei setje inn meir mannskap.

Måløy sentrum

KAN KOME UNDER VATN: Dette parkeringsområdet sør for rådhuset i Måløy, kan hamne under vatn når vasstanden aukar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Årsaka til at det igjen blir høg vasstand, er eit historisk lågt lågtrykk og atmosfæriske forhold. .

Det gir 80–100 centimeter høgare vasstand enn oppgjeve i tidevasstabellen.

I varselet blir folk oppmoda om å unngå ferdsle i strandsona, og å vurdere å ta båt på land og sikre lause gjenstandar i naust og strandsone. Følgjene kan bli flaum og fare for større øydeleggingar på infrastruktur og bygningar i strandsona.

– Vi risikerer å få verdiar vi ikkje har sett før. Sør for Stad ventar vi rekordmålingar, seier Fagerlid.

Og floa kan gjere skade.

– På kysten har vi ein del meir bølgjer enn under «Didrik». Det kan påverke skadeomfanget, seier statsmeteorologen.

Bur seg i Bergen

I Bergen er brannvesenet allereie i gang med å plassere ut sandsekkar for å avgrense skadane av det som er i vente. Med god grunn. Prognosane viser 25 centimeter høgare enn under «Didrik».

– Så vi ventar at skadepotensialet er større, seier Fagerlid.

Brannvesenet i Bergen har sikret bryggen mot høy vannstand.

FØREBUR: I Bergen har brannvesenet lagt ut sandsekkar for å hindre at stormfloa måndag og natt til tysdag skal gjere skade.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Innsatsleiar for brannvesenet i Bergen, Jan Aase, seier dei er i gang med å plassar sandsekkar for å beskytte og sikre verdiar rundt Bryggen.

– Vi har litt tid, men det er avgrensa kor mykje vi kan stoppe det. Det er trass alt havet som kjem inn her, seier han.

Vil merke innover i fjordane

– Bryggen er bygt på pålar, og vatnet vil finne sine vegar inn her uansett, men vi prøver å vere i forkant der vi kan. Vi skal beskytte verdiar overalt, og vi veit at det kan vere fleire hendingar samstundes, seier Aase.

Innsatsleder Jan Aase har sikret brygget mot høy vannstand

BUR SEG: Innsatsleiar Jan Aase har sikra Bryggen mot høg vasstand.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Fagerlid seier ein også vil merke stormfloa godt inn i fjordane. Til alt hell er vinden kraftigast både før og etter stormfloa.

– Det vil nok kunne nå rekordnivå også der, men pålandsvinden er heldigvis svak. Hadde vi fått kraftig pålandsvind i tillegg, så kunne det blitt veldig stygt, seier han.

Frå svenskegrensa til Agder er varselet oransje. Det er det også førebels frå Kristiansund til Grense Jakobselv.

– I nord kjem den høgste floa seinare tysdag, men verdiane ligg i grenseland mellom oransje og raudt, seier Fagerlid.