– Det blir ein vill, grå og våt dag. Vi ventar svært store nedbørsmengder, og det ser ut til at det blir mellom sju og ni grader mange stader, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.
Den kombinasjonen kan by på fleire problem. Det er særleg snøskredfaren som er stor, med høgt varslingsnivå i området rundt Voss og Bergen, og i Nord-Norge. Dei har også sendt ut varsling for flaum og jordskredfare, men her er det førebels tale om ein moderat fare.
Les også: Mange har fått vatn i bustadane
FLAUM: Vegvesneet har entrepenørar som forsøkjer å synleggjere plassar der det er fare for flaum
Foto: Øystein TorheimVatn i vegar og hus
På nordvestlandet har etter kvart dei store nedbørsmengdene byrja å by på fleire utfordringar.
I Møre og Romsdal er det så mykje vatn at elvar renn over, og nokre stader har vatnet teke seg inn i bustadhus. I Ørskog, Vanylven, Molde, Nesset og Ålesund har brannvesenet pumpa vatnet ut av hus og leilegheiter.
I Nordfjord og på Sunnmøre kjem det også fleire meldingar om mykje vatn i vegane og vanskelege køyreforhold. Vegvesenet fortel at dei har sendt ut entreprenørar som skal forsøke å merke tydeleg der det er fare for slikt.
LITE VINTER: Det ser ikkje ut til å bli noko skikkeleg vinter på Vestlandet endå.
Foto: Lillian Kalve/METFare for jordskred
Utover ettermiddagen vil regnet minke noko, men det er likevel ein fare for at det kan gå jordskred før den tid.
– Med store nedbørsmengder er det alltid ein fare for jordskred, og somme stader kan det i verste fall bli nokre stengde vegar. Vi har allereie fått inn nokre meldingar små ras, så vi får berre sjå korleis det går utover dagen.
I morgon blir det heldigvis betre, sjølv om det kan henge att litt regn i morgontimane.
– Det skal roe seg i løpet av kvelden i dag, og i morgon skal det bli betre ver. På søndag er det likevel på veg eit nytt nedbørsområde, seier Gunnar Livik.
FLAUM I KJØLSDALEN: I Kjølsdalen i Nordfjord har det vore store vassmengder i dag.
Foto: Harald Kolseth / NRKIngen vinter endå
Sjølv om vi nærmar oss slutten av januar, seier statsmeteorologen at det ikkje kjem meir vinter med det første.
– Ingenting som tyder på at det skal snu mot vinter med det første. Det kan kome litt på søndag og måndag i indre og høgare strok, men ikkje noko særleg.