Hopp til innhold

Ungdom vil lære seg å seie nei til sex

Elevar vil ha meir undervisning om seksuell grensesetting, men berre 12 prosent av lærarane har opplæring. I Sogndal tok to elevar grep.

Kristin Fredheim

GRENSESETTING: Kristin Fredheim fekk hennar seksuelle grenser tråkka over. Då inviterte ho helsesjukepleiaren inni klassen for å lære meir om sex, kropp og grenser.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tredjeklassingane Kristin Fredheim og Adelheid Weka ved Sogndal vidaregåande skule opplevde begge at deira seksuelle grenser blei tråkka over.

Etter ubehagelege opplevingar der nei ikkje blei nei, allierte venninnene seg med helsesjukepleiar.

Adelheid Weka og Kristin Fredheim

Adelheid Weka og Kristin Ferdheim allierte seg med helsesjukepeiar på skulen for å snakke om grenser.

Foto: Erik M. Sundt

Dei syntest seksualundervisninga så langt hadde vore for dårleg og ville at helsesjukepleiaren skulle komme inn i klassen for ein prat om sex, kropp og grenser.

– Når ein til dømes ser på porno der sex er veldig røft, er det vanskeleg å vite kor grensene går for seg sjølv. Ein føler ein må leve opp til det same nivået, seier Fredheim.

– Eg merka det sjølv at det kan vere vanskeleg å vite kor grensene mine går viss eg ikkje har tenkt over det på førehand, seier venninna Weka.

Det var Sykepleien som først skreiv om saka.

Les også Lar elevene bestemme hvordan seksualundervisningen skal være

Stine Børø Szell, lærer på Rosenborg skole i Trondheim

Læraren bør kunne undervise om sex

Anneli Rønes i Sex og samfunn synest i utgangspunktet at det er flott at elevane sjølv er tydlege på kva dei ønsker av undervisning, og at dei bruker helsesjukepleiar ved skulen.

Men ho meiner at lærarane også må ta ansvar.

Samtidig meiner vi at undervisning om seksualitet er noko lærarar bør kunne gi, også for å oppfylle dei nye kompetansemåla.

Grensesetting er ein del av den nye læreplanen på både grunnskulen og vidaregåande skule.

Likevel viser ei kartlegging frå Sex og samfunn at berre tolv prosent at lærarane fekk kunnskap om seksualitetsundervisning i utdanninga si.

Samtidig ønsker elevane meir seksualundervisning.

Nesten 40 prosent av dei spurte elevane ønskte meir undervisning om grensesetting, og over halvparten ønskte meir undervisning om seksuell debut.

Får spørsmål om analsex

Med porno berre eit tastetrykk unna og russelåter som syng at «Med GHB i glasset, skjenker jeg deg fin», kan ein få inntrykk av vi lever i eit grenselaus samfunn, meiner helsesjukeleiaren Linda Skrove ved Sogndal vidaregåande skule.

Ho møter mange jenter som har fått grensene sine tråkka over, ofte fleire gonger.

Dei kjem gjerne til Skorve fordi dei slit med angstanfall, tvang eller eteforstyrringar.

Seinare viser det seg at problema starta tidleg i tenåra, fordi dei ikkje våga å seie nei, eller fraus til, og fekk grensene sine tråkka over.

For å ikkje vere kjipe eller avvisande, kan det vere enklare å tøye sine eigne grenser enn å seie nei.

Det gjer noko med sjølvverdien deira og kan føre til mykje skam og psykiske vanskar i lang tid.

Linda Skorve, helsejukepleier Sogndal VGS
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Ifølge helsesjukepleiaren har mange ungdommar også lite trening i å møte kvarandre og å vere sosiale.

– Eg får spørsmål om analsex på den eine sida og ungdommar som ikkje tør å nærme seg andre på den andre sida. Då har eg lurt på om dei eigentleg treng eit sjekkekurs.

I staden for informasjon om analsex, treng ungdommane kanskje eigentleg meir informasjon om sex for første gong og korleis nærme seg ein person ein liker, meiner Skrove.

Les også Porno på timeplanen: – Man har veldig mange spørsmål

Lærer, Vennesla ungdomsskole

Roser ungdommane

Jorunn Furuheim i politiet jobbar mellom anna med å prate med ungdom om kva som er lov og ikkje.

Ho merkar også at det er vanskeleg for mange å sette grenser for sin eigen kropp, særleg når det er snakk om festing og alkohol.

Ho synest det er flott at ungdom som Weka og Fredheim ber om meir informasjon.

I overgrepssaker der politiet er involvert, varierer det kor mykje ungdom veit om det som er lov og ikkje, fortel Furuheim.

– Vi vil ikkje at nokon skal utsettast for seksuelle overgrep eller andre uheldige situasjonar. Då er viktig at vi er i forkant og informerer.

Samstundes oppfordrar ho ungdom som opplever å bli trakka på seksuelt å ta kontakt med politiet.

Og ho legg til:

– Det er ikkje slik at om ein tar kontakt med politiet så blir det oppretta straffesak med ein gong. Det er noko vi kan diskutere saman.

– Må prate i lag

Helsesjukepleiar Linda Skorve ved Sogndal Vidaregåande skule prøver å besøke alle andreklassane på skulen for å snakke om kvifor det er vanskeleg å sette grenser.

– Då kjem elevane fram til at: Jammen vi må jo berre prate i lag og spørje når vi er usikre, forklarar Skorve.

For Kristin Fredheim tok det tid før ho innsåg at det ho opplevde ikkje var bra.

Kristin Fredheim

Kristin Fredheim gjekk saman med helsesjukepleiar for å få undervisning om sex og grenser.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etterpå tenkte eg ikkje så mykje over at det ikkje var greitt.

Både ho og Weka meiner at det ligg forventningar om at du skal like og akseptere alt når det kjem til sex.

Då kan det vere lite rom for grenser

Les også – Folk tror ikke at funksjonshemmede er seksuelle

Thomas Myhre