Hopp til innhold

Ung mann signerte vindkraft-opprop – fekk beskjed om at jobben i kraftselskapet stod på spel

Kraftgiganten Sogn og Fjordane Energi (SFE) ville ikkje at den tidlegare lærlingen skulle få vidare arbeid hjå dei. Grunnen var mannen sin signatur på eit opprop.

Lutelandet-plan

STORE PLANAR: Om planane på Lutelandet får halde fram slik SFE ynskjer, så kan vindturbinane stå klare innan utgangen av 2021.

Illustrasjon: Multikonsult AS

Vindkraftsaka i Fjaler er betent. På Lutelandet er planen å starte anleggsarbeidet over påske. Så skal dei høge vindturbinane opp.

For to dagar sidan fekk ein ung mann frå Fjaler oppleve kor omstridd vindkraft kan vere. Mannen, som nettopp hadde avslutta lærlingforholdet med SFE, blei kalla inn til eit møte med sin næraste sjef.

Firda omtalte saka først.

På møtet fekk han høyre at ein leiar i SFE-konsernet hadde sett namnet til den tidlegare lærlingen på ei innbyggarliste. Lista kravde at kommunestyret, og ikkje formannskapet, skulle ta opp dispensasjonssaka til Lutelandet Energipark.

Mannen sin advokat, Thorkil Aschehoug, seier at beskjeden klienten fekk var tydeleg:

Står namnet til mannen på innbyggarlista, så har han ikkje jobb vidare i SFE. Dette var ein jobb mannen hadde blitt førespegla.

Thorkil H. Aschehoug, advokat

KRITISK: Thorkil Aschehoug er mannen sin advokat.

Foto: Grette

– Den unge mannen tar det han opplevde veldig tungt, og det har vi kommunisert vidare til arbeidsgivar. Utover det ynskjer han ikkje å gi ein kommentar, seier Aschehoug.

SFE er offentleg eigd, av kommunar i gamle Sogn og Fjordane fylke og BKK, som igjen er offentleg eigd.

Kommunestyre

Saka vart kjend då ho kom opp i kommunestyret i Fjaler 26. mars. Varamedlem Richard Skår fekk ordet og refererte til hendinga då saka om innbyggar-initiativet skulle opp.

– Eg vart rett og slett dårleg i går kveld, og fekk nesten ikkje sove i natt, seier han etter å ha presentert saka for kommunestyret.

Kommunedirektør Bente Nesse reagerte slik:

– Viss dette er riktig, slik det blir framstilt her, så trur eg at eg ville ha tenkt meg om før eg starta i ei bedrift med ein slik personalpolitikk.

– Det burde eg kanskje ikkje ha sagt, men no har eg sagt det.

Beklagar

SFE seier til NRK at dei legg seg langflate.

– Her er det berre ein ting å seie. Her er det blitt handla uklokt, og det beklagar vi på det sterkaste, seier Jannicke Lindvik, som er kommunikasjonssjef i SFE.

Ho held fram:

– Å stå på ei slik liste er ikkje eit brot på våre retningslinjer.

Lindvik seier at den snakka med lærlingen ikkje kjenner seg att i skildringa om at dette vart lagt fram som eit trugsmål. Her er det ulik tolking av saka, men det at lærlingen har oppfatta det slik, gjer at vi tek saka på største alvor. Ho seier også at vindkraftmotstand er lov.

– Det er lov å vere vindkraftmotstandar, også i SFE. Vi respekterer at det er ulike meiningar, også blant våre tilsette.

– Vi vil understreke at dersom vedkomande har oppfatta det slik at det å støtte dette innbyggarinitiativet er ein trugsel for arbeidsforholdet, har vi vore for dårlege i kommunikasjonen vår. Dette har vi beklaga til den det gjeld, seier ho.

Både SFE og mannen sin advokat stadfestar at SFE har teke initiativ til eit møte. Der vil det kome nye avklaringar rundt arbeidsforholdet til mannen i SFE. Møtet blir truleg halde neste veke.

– Klienten min forventar at tilbodet om fast jobb, som førebels er gitt munnleg, blir følgt opp med formell arbeidsavtale, seier Aschehoug.