Hopp til innhold

Tvillingane som konkurrerer om alt

VIK (NRK): Dei er like som to dropar vatn. Og dei har konkurrert om alt i livet. Sjølv sjukdommen MS har ikkje hindra brørne i å konkurrere.

Knut Olav og Eivind Øygard

KONKURRENTAR: Eivind Øygard (t.h.) fortel at det ikkje er sjukdommen som i dag hindrar bror Knut Olav å springe like raskt. – Det er som trenar mest, humrar han.

Foto: Tom Roger Johansen

Dei har konkurrert om det meste, dei 25 år gamle, einegga tvillingane Eivind og Knut Olav Øygard frå Stardalen i Jølster. Kven stod opp først, kven åt mest og kven nådde fram til skulebussen først. Alt vart det konkurrert om i oppveksten.

Fekk dobbeltsyn

Men for kring to og eit halvt år sidan, i mai 2015, tok livet for dei to brørne ei meir dramatisk vending. Ein dag ringde nemleg bror, Knut Olav, heim og fortalde at han hadde vakna med dobbeltsyn. Eit raskt søk på nettet gav svaret; multippel sklerose (MS). Det bar til Bergen og Haukeland sjukehus.

– Det første ein tenkjer er rullestol, men då vi reiste opp til Haukeland fekk vi veldig god oppfølging og informasjon. Vi fekk då beskjed om at MS i dag er ganske annleis enn MS for 20 år sidan, då medisineringa starta. Og så fekk vi høyre alle dei gode historiene, fortel Eivind.

At han fekk MS er noko bror Knut Olav tidleg valde å vera open om.

– Det var eit sjokk då eg fekk beskjeden, men det heile gjekk så fort at eg ikkje fekk tid til å tenke på korleis det ville påverka meg før eg alt hadde fått god oppfølging, seier Knut Olav.

– Eg valde å vera open om det frå starten av, slik at folk ikkje skulle vera redde for å spørje meg om sjukdommen. Det er sikkert mange som er redd for å spørje korleis det går, så derfor tok eg det valet, fortel han.

Sjukdommen stoppar ikkje springinga

Eivind er vel vitande om at einegga tvillingar er berarar av dei same gena, og at også han kan få same sjukdommen som broren.

– Det er og ein risiko for at eg kan få MS, men sjansen for at eg ikkje får det er mykje større. Når eg ser på Knut Olav, så ser eg ikkje på han som ein MS-pasient. Han er jo heilt frisk. Han har ein diagnose, men det er berre skrift på eit papir og så tek han medisin. Bortsett frå det er han frisk. Grunnen til at eg slår han no, er ikkje på grunn av sjukdommen, men fordi eg trenar mest, seier han med eit glimt i auga.

Men sjølv om Knut Olav har fått sjukdommen kjenner han seg heldig.

– Eg føler eg har vore heldig. Det er mange variantar av den og for meg har det gått bra, men det er jo mange som ikkje er like heldig som meg, seier han.

Sjå heile intervjuet med Eivind Øygard frå NRK sitt direktesendte NM-show på Blix hotell i Vik, 13. oktober.

100 rundar

Konkurranseinstinktet har følgt brørne heile livet.

– Vi har vel eigentleg konkurrert om det meste, som å skrive gongetabellen og alfabetet raskast. Mamma fortalde meg nyleg at vi sprang rundt huset. Målet var å springe så mange rundar som vi klarte. Eg trur vi klarte hundre rundar. Så gav Knut Olav seg, og vi gjekk inn. Men så var eg litt nyfiken på kor langt eg eigentleg hadde sprunge, så eg spurde pappa kor langt det var rundt huset. Då fann eg ut at eg hadde tre kilometer igjen for å klare 10 kilometer. Då gjekk eg ut og sprang dei tre siste kilometerane, humrar Eivind.

NRK intervjua Eivind Øygard i eit direktesendt NM-show dagen før han sprang sitt livs løp og kom på andreplass under NM i terrengløp i Vik.

Knut Olav kjenner seg godt att i skildringane om dei stadige konkurransane.

– Men vi var vel så opptatte av å slå våre eigne personlege rekordar. Vi vart ikkje sinte på den andre som vann, for som tvilling er det ofte slik at den eine vert litt betre enn den andre, seier han.

Eivind Øygard

JUBEL: Eivind Øygard jublar over sølvmedaljen under NM i terrengløp i helga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Beste frå fylket

For Eivind har det vore ein sterk sesong med løpsskoa på.

Under motbakkeløpet Stoltzekleiven opp i Bergen i år tok han ein sterk åttandeplass med tida 8.43, som var ny personleg rekord og bestetid for ein løpar frå Sogn og Fjordane.

– Å komme under den magiske 30 minuttar-grensa på 10.000 meter er eit mål eg har jobba mot i fleire år, og i går lukkast eg endeleg på den dagen i året det galdt som mest med tida 29.51.62 og 5.-plass i NM!

Det skreiv Øygard på si private Facebook-side etter NM i Sandnes i august. Også her var han beste løpar frå Sogn og Fjordane.

Og som diagrammet under viser, så har dei vore veldig like. Det viser tidene dei har hatt i forhold til kvarandre i Stoltzekleiven opp, verdas brattaste motbakkeløp i Bergen.

– Eg har ikkje trena like mykje i det siste. Det er ingen tvil om at Eivind legg ned fleire treningstimar enn meg, men likevel var eg jo berre 16 sekund bak min personlege rekord i Stoltzekleiven opp i år, seier Knut Olav.

Eivind Øygard og Knut Olav Øygard - Stoltzen

LIKE: Dette diagrammet syner tidene til tvillingane frå Stoltzekleiven opp i Bergen. Lite skil brørne.

Foto: Skjermdump / Stoltzen.no

– Beste treningskameraten

– De har hevd dykk begge to godt i idrett. Det at de har vore så nære og utfordra kvarandre på godt, og kanskje litt på gale, kva har det hatt å seie for treningsarbeidet?

– Vi kjem frå Stardalen som er ein liten stad, og der det er ganske langt til næraste nabo og folk på same alder. Difor har det vore midt i blinken å ha ein treningskamerat som alltid har vore der.

– Tjuvtreninga var den verste straffa

Tvillingane har konkurrert i fleire idrettar som fotball, volleyball og langrenn. Av og til dreiv konkurranseinstinktet dei inn i slåstkampar i oppveksten.

– Visst vi hadde slost, og ikkje hadde skværa opp i etterkant, då var verste måten vi kunne ta igjen på å lure seg ut og tjuvtrene. Det var det verste vi visste, for vi visste at trening fungerte. Då var det berre å kome seg ut så fort som mogeleg, for å ta igjen det tapte, ler Eivind i dag.