Hopp til innhold

Skjerpar kontrollar etter to tunnelbrannar

På bakgrunn av aukande trafikk over Hardanger etter brannen i Gudvangatunnelen, ønskjer Statens vegvesen å ha kontrollar på begge sidene av fjellet for å sjekke at tunge vogntog er i god nok stand til å køyre over fjellet.

Tormod Gausdal

SKJERPAR KONTROLLAR: Statens vegvesen vil innføre kontrollar av tunge køyretøy som må køyre over Hardanger.

Foto: Anna Gyrti/NRK

– Vi ønskjer å gjere det vi kan for å unngå brann i tunge køyretøy. Når vi får så konsentrert trafikk som vi har over Hardangervidda er det viktig at vi får rettleia dei som køyrer der, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Tormod Gausdal.

Onsdag kom det fram at semitraileren som byrja å brenne i Gudvangatunnelen ikkje var i forsvarleg stand, og at traileren skal ha hatt problem lenge før tunnelbrannen. På bakgrunn av den aukande trafikken på RV 7 over Hardanger etter at Gudvangatunnelen vart stengd, skal Statens vegvesen innføre kontrollar.

Bilar med varmefølsomme kamera

Kontrollane går ut på å informere sjåførar av tunge køyretøy om korleis ein skal køyre i bakkar, og ikkje minst sjå på kva stand bremsene er i før dei køyrer over fjellet.

Kontrollane vil vere både på oppsida av tunnelen i Måbødal, og på nedsida av fjellet i Eidfjord.

– Vi har med oss bil som har varmefølsomme kamera, der vi kan sjå på både temperaturforskjellar, og følgje med på om det er fare for overoppheting, seier Gausdal.

Informasjon på fleire språk

Informasjonskampanjen byrjar i dag, og kjem til å vare så lenge Gudvangatunnelen er stengd. I utgangspunktet skal det vere kontrollar både dag og natt, men ifølgje Gausdal er det vanskeleg å forsikre om at dei kan vere der 24 timar i døgnet.

Statens vegvesen skal i tillegg til konkrete undersøkingar av køyretøy, også drive førebyggjande arbeid. Spesielt viktig er det kanskje for utanlandske sjåførar, seier Gausdal.

– Informasjonen vi delar ut er tilgjengeleg på fleire ulike språk. Det går ut på korleis ein skal forholde seg i tunnelar og ved køyring i lange nedoverbakar. Dette får fult fokus no, seier Gausdal.