Hopp til innhold

Tsunami øydela gangbru og flytebrygge – eigaren får ikkje erstatning

GULEN (NRK): Bjørn Misje får ikkje erstatning for skadene som eit uvanleg naturfenomen gjorde på eigedomen hans. – Heilt uforståeleg.

Store vassmengder kvelva flytebrygga. Båten står opp på.

GJORDE SKADER: Utan forsvarsel steig vassnivået kraftig og gjorde skader fleire stader langs kysten. Her i Gulen vart ei flytebrygge og ei gangbru skadd.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bjørn Misje i Gulen opplevde store øydeleggingar i fjor sommar då vassnivået utan forvarsel gjekk kraftig opp og reiv med seg ei stor gangbru og snudde flytebrygga opp ned.

Heile norskekysten blei råka av det «uforklarlege» naturfenomenet. I Kristiansund opplevde dei raske forandringar i vasstanden på opp til 20 cm, mens i Førdefjorden var utslaget på 2–3 meter og kraftig straum.

Ingen var førebudd på dei enorme svingingane i vasstanden. Dei kom som ei følgje av ei flodbølgje som truleg vart utløyst av eit undervasskred.

Bjørn Misje

ØYDELAGT: – Plutseleg kom det uhorvelege vassmengder inn forbi naustet og reiv ned gangbrua, seier Bjørn Misje om hendinga i fjor sommar.

Foto: Privat

Fekk svar om at fenomenet «ikkje passa inn»

– Det var eit under at båten som stod ved flytebrygga ikkje blei skadd. Den låg opp på den kvelva flytebrygga. Brua var spreidd i fleire delar over eit stort område, seier Bjørn Misje.

Misje bur heilt inst i Gardvågen som ligg i enden av ein fjord i Gulen i Ytre Sogn. Det er smalt og grunt, og han fortel at store vassmengder hopa seg opp og tok med seg alt på sin veg.

Han fekk likevel avslag på søknaden om erstatning frå naturskadeordninga, og mistenkjer at det har å gjere med at naturfenomenet han vart råka av er ganske uvanleg.

– Då vi søkte om erstatning hos Statens Naturskadeordning fekk vi til svar at fenomenet ikkje passa inn i nokre av kategoriane deira.

Øydelagt gangbru på Byrknesøy i Gulen
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

For låg vasstand til å vere stormflod

Statens Naturskadeordning blir forvalta av Landbruksdirektoratet.

I avslaget på søknaden vert det lista opp ulike naturulukker som gir erstatning, mellom anna skred, storm, flaum, stormflod og jordskjelv.

Avslaget slår fast at det ikkje var høg nok vasstand til å kvalifisere til stormflod, og det var heller ikkje nok vind til at bølgjene kan ha vore særleg høge.

Fleire opplevde liknande då orkanen «Tor» slo innover Vestlandet i 2017 og øydela for fleire millionar kroner. Skadane frå bølgjene blei rekna som «indirekte» skader.

NRK har vore i kontakt med Landbruksdirektoratet per e-post. Vi spurde blant anna kva som blir vurdert som «direkte» naturulukke, og kvifor skadene til Misje ikkje blei rekna som dette.

I ein e-post frå Landbruksdirektoratet svarer Lina Fornes følgjande til NRK:
«Bjørn Misje har klaget på vedtaket. Saken vil bli grundig behandlet etter de rutiner som gjelder. Siden saken er under klagebehandling, vil det ikke være rett av oss å kommentere saken nå utover det som fremgår av selve vedtaket».

For om lag ein månad sidan klaga Misje på vedtaket, men har framleis ikkje fått svar.

Store vassmengder kvelva flytebrygga. Båten står opp på.

OPP NED: – Båten som låg ved flytebrygga var mirakuløst nok heilt uskadd og låg opp på den kvelva flytebrygga, seier Bjørn Misje.

Foto: Privat

– Kan fort skje igjen

– Med tsunami så tenker vi jo ofte på veldig store hendingar og store øydeleggingar, men det var jo ei flodbølgje det her òg, seier Anne Strømmen Lycke, leiar i forskingsinstituttet NORSAR.

Uforklarlig naturfenomen flere steder langs kysten

SJÅ VIDEO: Dei store endringa kunne merkast i Tansøysundet i Flora. – Det var sikkert ein halvmeter skilnad i vassnivået frå utsida, til innsida av moloen då det stod på, fortalde Kurt Ask. (FOTO: KURT ASK)

Ifølgje Lycke skuldast endringane i vassnivået mest truleg eit undervasskred, som igjen kan ha blitt utløyst av eit lite jordskjelv.

– Dette var sjølvsagt veldig uheldig, men det er noko som både er naturskapt og som hender med jamne mellomrom.

Misje hadde ikkje anna forsikring, han hadde rekna med at skadane ville bli dekka av naturskadeordninga

– Får vi ikkje medhald i klagen så vil nok ikkje brua kome opp att, seier han.

Sidan naturen forårsaka skadene, meiner han det er merkeleg at direktoratet avslo søknad om erstatning.

– Dersom det skjer naturkatastrofar langs kysten så har det jo ofte med havet å gjere. Så det er heilt uforståeleg at Statens Naturskadeordning ikkje dekker tilfeller som det her. Det kan jo fort skje igjen, seier Misje.

Øydelagt molo på Byrknesøy i Gulen
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK