Hopp til innhold

Trur stillingar ved musea vil ryke - fryktar konsekvensane

Styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt, trur det vil ryke stillingar ved musea i fylket når fylkeskommunen ligg an til å måtte kutte 224 millionar kroner dei neste fem åra.

Harry Mowatt

FRYKTAR KUTT: Styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt, er redd dei økonomiske innsparingane fører til stillingskutt i musea.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Ei monaleg nedskjering vil kjennast om det skjer her eller der. Det kan også få personalpolitiske konsekvensar sidan ein god del av utgiftene våre er lønn. Får vi eit vesentleg kutt, må vi sjå på stillingar, seier styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt.

Han er uroa over konsekvensane ved ein reduksjon i det fylkeskommunale tilskotet til musea.

Meiner ein må satse på eitt museum

Dersom det nye inntektssystemet til kommunane vert vedteke, må Sogn og Fjordane fylkeskommune kutte 224 millionar kroner dei neste fem åra. Det vil merkast på mange felt, mellom anna ved musea i fylket.

Stig Eikaas

MÅ PRIORITERE: Kunstnar Stig Eikaas meiner tøffe tider må føre til at ein satsar medvite på berre eitt museum, og let resten kvile.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

I går sa kunstnar Stig Eikaas at ein må konsentrere pengane og kreftene om det museet som har størst potensial. Ifølgje han er det Astruptunet.

– Med slike kutt, ser eg ingen andre moglegheiter enn å la dei andre musea kvile. Men vi klarar å få til noko genuint ved Astruptunet, seier Eikaas.

Men avdelingsdirektør ved Sogn og Fjordane kunstmuseum, Morten Johan Svendsen meiner at det ikkje vil vere eit problem å drifte alle musea i fylket i framtida.

Direktør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum Morten Johan Svendsen

NØKTERN: Direktør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Morten Johan Svendsen, trur ikkje det blir eit problem å drifte alle musea i fylket i framtida.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Eg trur ikkje det vert eit problem å drive musea i Sogn og Fjordane i framtida, seier Svendsen.

Vil uansett vere ei utgift

Mowatt er ikkje samd i Eikaas sitt forslag, men har er uroa over drifta av musea.
Tidlegare har tilskotet frå fylkeskommunen vore i snitt 30 prosent. Dette er no foreslått redusert til 25 prosent. Noko som vil utgjere tre millionar i 2017.

– Å leggje museum på vent let seg ikkje gjere. Då må ein leggje ned. Eg må understreke at det ikkje er noko museum i verda som går med overskot, så det vil uansett vere ei utgift samfunnet tek på seg ut ifrå kulturpolitiske målsetjingar, seier Mowatt.

Han peikar på at det er lite sannsynleg at ein skal kunne gjere stor butikk ut av museumsdrift i Sogn og Fjordane.

– At vi kan drive forretning i Sogn og Fjordane med vår tynne befolkning, er ein illusjon. Viss dei offentlege løyvingane ryk i stor grad, vil det få konsekvensar for drifta, seier Mowatt.

Skal greie ut konsekvensane

Styreleiaren trur musea må ta sin del av kutta, men ser ikkje korleis dei skal klare å spare pengar.

– Vi er uroa. Dei signala vi har fått er at kulturutvalet kjem til å få ganske tøffe kutt. Vi må nok rekne med at ein del av det vil ramme oss. Vi må nok ta vår del. Det er vanskeleg i dag å sjå korleis vi skal kunne spare inn noko, utan at det går ut over drifta, seier Mowatt.

Leiar i hovudutval for kultur, Nils Gjerland, seier forslaget om kutt på 17 millionar innan kultur vil bli svært tydlege på dei fleste områda.

– Vi har fått i oppdrag å greie ut konsekvensane av ein reduksjon på inntil 17 millionar kroner innanfor kulturfeltet. Det er ganske dramatisk, og skal skje over fem år. Dette er ikkje avgjort, men det er ei utgreiing som vi skal drive med utover hausten og vinteren. Dersom dette blir den endelege konklusjonen, vil det bli veldig synleg på mange felt, seier Gjerland.

Trur det blir mindre aktivitet

Og dette vil mest truleg også gå utover musea i Sogn og Fjordane.

– Vi har ikkje teke stilling til einskildprosjekt. Men det er vanskeleg å sjå for seg at nokon kjem urørte frå ein slik vanskeleg operasjon, seier Gjerland.

Nils Gjerland

TØFFE TIDER: Leiar i hovudutval for kultur, Nils Gjerland, er klar på at kutta som må takast, vert smertefulle.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Kva utfordringar ser du for deg med å måtte kutte så drastisk?

– Det blir mindre aktivitet, kortare opningstider og det vil gå på stillingar laus. Mange av kostnadane vi driv med, handlar om stillingar, seier Gjerland.