Hopp til innhold

Trur fylket kan håpe på mindre kutt enn det regjeringa foreslår

Fylkeskommunen kan økonomisk komme litt gunstigare ut enn det regjeringa har foreslått når Stortinget skal vedta nytt inntektssystem om kort tid. Men det blir uansett store kutt.

Helge André Njåstad

LOVAR IKKJE: Leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), torer ikkje love at Sogn og Fjordane kjem betre ut. Men understrekar at innspela vert teke til vitande.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det sa leiar av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad frå Frp då han møtte fylkeskommunen, KS og fylkesmannen i Florø i går kveld.

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 234 millionar kroner mindre i inntekter om fem år viss regjeringa får gjennomslag for sitt nye inntektssystem for fylkeskommunane.

Fylkesordføraren brukte formuleringa «rasering av tilbod til innbyggarane» dersom fylket må kutte 234 millionar dei komande fem åra, men det tok Njåstad avstand frå.

– Eg vil ikkje bruke ord som rasere. Sjølv om dette blir sluttresultatet, så vil Sogn og Fjordane vere blant dei topp tre-fylka i Norge i inntekter per innbyggjar. Ein syner dei grafane som viser kor mykje ein tapar, men ikkje dei som syner kor mykje ein får, seier leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp).

Meiner det er feil å snakke om rasering

Han legg til at sjølv etter innføringa av det nye inntektssystemet til fylkeskommunen vil Sogn og Fjordane få monaleg meir enn både Møre og Romsdal og Hordaland.

– Sogn og Fjordane vil liggje på nivå med dei nordnorske fylke, fordi ein har spesielle utfordringar. Å snakke om rasering, tykkjer eg blir litt feil ordbruk, seier Njåstad.

Han legg til at det likevel blir ein skilnad for Sogn og Fjordane å gå frå dagens inntekter til dei inntektene som er skisserte i kommuneproposisjonen.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes, rådmann Tore Eriksen og KS-leiar Jenny Følling peika alle på at kutt på 234 millionar i ein femårsperiode, slik regjeringa har foreslått, er for fort og for stort for fylket, sjølv om dei såkalla nøklane i inntektssystemet tilseier at Sogn og Fjordane til no har får for stor bit av kaka.

Meiner folk må forstå alvoret

Kostnadane må reduserast innan båtruter, bussruter og vegvedlikehald. I Oppland og Buskerud har det komme sterke reaksjonar på at ein ønskjer å vinterstengje Hol-Aurland og Årdal-Tyin for å spare pengar.

Kjelsnes understreka at dette vil bety å selje verdiar for å sanere gjeld i fylkeskommunen, innføre investeringsstogg på mellom anna vegar, skulesentralisering, kutte alle buss og båtruter som ikkje er skuleskyss og gjere klart for oppseiingar av folk og forhandle seg ut av inngåtte avtalar.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

ALVOR: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner kutta som må til for å tole eit slikt inntektstap er drastiske.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi må sjå på kor fort vi kan avslutte slike, utan å hamne i ei rettssak, seier Kjelsnes.

– Men de er vel framleis ikkje i mål med heile summen?

– Nei, og det er difor eg seier rasere for at ein skal forstå alvoret dersom det skal ende opp slik som det ligg an til no, seier Kjelsnes.

Komiteen kjem med svar 12. juni

Njåstad åtvara mot å fokusere på det negative. Sogn og Fjordane blir framleis, saman med Finnmark, det fylket som skal få mest pengar per innbyggjar, men han seier komiteen jobbar med å finne ein måte å kompensere tapet i Sogn og Fjordane på som gjer utfordringane litt lettare.

– Eg skal vere forsiktig med å forskottere noko. Men ein har lytta til innspela som har komme, og 12. juni får ein svar på kva komiteen innstiller til Stortinget å gjere. Eg har sagt at vi ser på tapskompensasjon og ei rekkje andre ting, og så får vi sjå kva som vert sluttresultatet av komiteen si innstilling til Stortinget, seier Njåstad.

– Er det noko håp om at Sogn og Fjordane kjem noko gunstigare ut enn det som ligg i korta i dag?

– All den tid eg seier at vi ser på toppkompensasjon, så er det klart at Sogn og Fjordane er eit fylke som kan komme godt ut av at den ordninga blir forsterka og får ei anna innretning, seier Njåstad.

Meiner tal kan brukast på mange måtar

Og etter å ha høyrt komiteleiaren, håpar også Åshild Kjelsnes at fylket kjem noko betre ut.

– Fram til noko anna er prova, så vel eg å tru på det. Det er ikkje noko framtid å måtte ta ned dette på fem år. Beklagar, men det er realiteten. Det vil bli så dramatisk at eg har lyst til å sjå den som kan stå oppreist og seie at dette fiksar vi, seier Kjelsnes.

– Samtidig peikar Njåstad på at fylket framleis er blant dei som får mest pengar per innbyggjar etter omlegginga?

– Eg merkar meg at det vert laga ei slik forsvarssetting. Ein kan bruke statistikk og tal på så mange måtar. Han seier ikkje noko om det utgiftsnivået som denne fylkeskommunen har, seier Kjelsnes.

Ho peikar på at det kan hengje saman med at fylkeskommunen også yter gode tenester.

– Det er noko av den kvaliteten som dette fylket kan tilby, og det ønskjer vi sjølvsagt å halde fram med, seier Kjelsnes.