Sogn og Fjordane fylkeskommune får 234 millionar kroner mindre i inntekter om fem år om regjeringa får gjennomslag for sitt nye inntektssystem for fylkeskommunane.
Ord som «rasering» er av fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) nytta for å skildre kutta fylkespolitikarane då må gjere i tenestetilbodet.
– Eg vil ikkje bruke ordet som rasere for sjølv om dette blir sluttresultatet så vil Sogn og Fjordane vere blant topp tre fylka i Norge i inntekter per innbyggjar, seier leiar av Kommunalkomiteen, Helge André Njåstad (Frp).
Vil unngå rettssaker
Måndag kveld deltok Njåstad, fylkesordføraren, samt representantar frå KS, Fylkesmannen og regjeringspartia på eit ope møte i regi av Sogn og Fjordane Frp.
Her fekk komitéleiaren i klartekst høyre kor ille tenestetilbodet vil bli dersom fylkeskommunen må gjennomføre kutta.
- LES OGSÅ:
– Det eg har sagt både i komiteen og no til komiteleiaren, så må vi gå igjennom alt vi har av arbeidsavtalar, anbodsavtalar, vedlikehaldsavtalar for å sjå kor fort vi kan avslutte slike utan å hamne i rettssak, seier fylkesordførar Kjelsnes.
Naboar i harnisk
Kostnadane må reduserast innan båtruter, bussrute og vegvedlikehald. I
at ein .– Det er difor eg seier «rasere» for at ein skal forstå alvoret om det blir som det ligg føre. Eg har kollegaer i Buskerud og Oppland som er i harnisk fordi vi vurderer å vinterstengje to fjellovergangar. Dei tykkjer det er dramatisk, men i det store biletet er dette små tiltak mot kva som kan bli kvardagen, seier Kjelsnes.
Vil framleis få mykje
At komitéleiaren presiserte at Sogn og Fjordane vil få vesentleg meir pengar enn naboane i nord og sør, var knapt nok ei mager trøyst for fylkesordføraren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg merkar meg at det blir ein slik forsvarssetting. Han seier ingenting om det utgiftsnivået som denne fylkeskommunen også har i høve til det at vi har lagt høgt på utgiftene fordi vi har hatt gode tenester. Det ynskjer vi å halde fram med, seier ho.
Men Njåstad vedgjekk at Sogn og Fjordane har spesielle utfordringar, og at det vil bli ein stor overgang å gå frå dagens inntekter til dei inntekter som er skissert i kommuneproposisjonen.
Ser på kompensasjon
Difor ynskjer komiteen å sjå på ein tapskompensasjon.
LES OGSÅ:
– Vi ser jo at ein taper pengar, så å sjå på ein kompensasjon for å kompensere tapet i ein overgangsperiode er noko vi vil sjå på og vurdere. Regjeringa føreslått å bruke 95 millioner kroner på å kompensere blant anna Sogn og Fjordane som taper mest, seier han og legg til at både omfang og innretning er noko komiteen vil sjå på til dei skal avgje innstilling 12. juni.