Dette er deira eige forslag til løysing etter at regjeringa vil kutte 230 millionar til fylket dei komande åra.
– For slike summar har ikkje vi. Ei slik nedskjering ville vere veldig dramatisk og omtrent umogeleg å gjennomføre for fylkeskommunen, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.
Eit samla fylkespolitisk miljø har protestert på kuttforslaga til regjeringa. Når dei legg om inntektssystemet for fylkeskommunen betyr det 230 millionar kroner mindre å rutte med om fem år.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Modell av Dagmar
Tysdag lanserte fylkeskommunen si eiga løysing for Kommunalkomiteen i Stortinget.
– Vi lagar eit opplegg som eigentleg er som når Staten hjelper til ved store naturkatastrofar, som til dømes Dagmar. Då må fylkeskommunen ta eit tap, og så går Staten inn og kompenserer delvis.
Dermed er dei innstilt på kutt på omlag 100 millionar, i staden for meir enn det dobbelte som regjeringa har føreslått. Og det kan ein få til utan at det går nemneverdig utover andre fylke, seier Kjelsnes.
– Då vil vi kome fram til ei løysing der vi slepp unna den verste nedskjeringa, samstundes som dei som er vinnarar i omlegginga nesten ikkje merkar at dei får litt mindre.
– Det er framleis dramatisk, og det vil få konsekvensar for ulike tilbod, men likevel meiner vi at innbyggjarane vil kunne kjenne igjen fylket og tenestetilbodet.